Hippe Oslo

  • Asbjørn Kristoffersen
    Asbjørn Kristoffersen
    Tidligere journalist i BT
Oslos hovudbibliotek Deichman Bjørvika med Operahuset i bakgrunnen.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Oslo tek mål av seg til å bli det nye Amsterdam. Og det neste Barcelona. Smekk full med framandlandske kulturistar og utdrikkingslag. Oslo, den nye Trolltunga. Og den nye Preikestolen. Om berre reiselivsnæringa tek seg opp att. «Den vesle hovudstaden, med sine knapt 700.000 innbyggarar, har riesige Ambitionen», skriv det tyske nyhendemagasinet Der Spiegel. Etter olja og laksen blir det vel selfie med «Skrik» vi må leva av.

Oslo har korkje fostra nokon barcelonsk Gaudi og hans Sagrada Familia eller nokon Rembrandt og eit amsterdamsk Rijksmuseum. Men Oslo har Edvard Munch, stjerna i det nye kulturkvartalet ved Oslofjordens sjøkant, fastslår dei utsende tyske journalistane. Dei listar opp eit «gigantisk stort» nytt Nasjonalmuseum, eit «mest monumentalt» nytt bibliotek og eit «isberglikanande» operabygg tett i tett med det nye Munch-museet. Oslos «kulturherlegdomar» ville kanskje kunna halda tritt med London eller New York som attraksjon for arkitekturfans frå heile verda, spår Der Spiegel.

Stikk den, du! Oslofobikarane i den norske provinsen burde sikkert teke seg ein bolle.

Oljepengane som sprutar opp or osloasfalten har gjort vår vesle hovudstad monden. Maken til asfalt har dei ikkje i det gamle Barcelona. Ikkje i det gamle Amsterdam heller. Og enno er det ikkje slutt på den norske fossilalderen. Det nye regjeringskvartalet kan få verdas dyraste kvadratmeter. Det nye sentralsjukehuset stiller i same konkurranse. Det skal bli dobbelspora jarnbane og firefelts motorvegar til alle småbyar innanfor passande pendelfråstand til kulturherlegdomane. Det tek ingen ende.

All vår svindyre hovudstads vesen og uvesen var lettare å ha med å gjera den gongen ingen som nokosinne hadde vore utanfor norsk kontinentalsokkel ville falla på tanken om å kalla Oslo monden. Det må eg vedgå. Eg nektar å ta den tyske lovprisinga inn over meg. Det lyt eg også vedgå.

Eg kjem ikkje til å gå i oslofobikarterapi. Oslofobi er ein menneskerett.

Publisert: