Kjære student: velkomen til Bergen. Her skal du bu dyrt. Og dårleg.

Vi kan ikkje lenger akseptere vill vest-tilstandane i leigemarknaden.

Her er taklampa i eit kollektiv i Bergen. Kampanjen skriv sjølv dette: «102 kvadrat, Bergen, 4 pers, 19.000/mnd + strøm og nett. Brannfarlig støpsel som må kobles til annet støpsel.»
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Mugg. Ròte. Brannfarlege el-opplegg. Knøttsmå rom. Absurde husreglar. Og skyhøg leige.

Dette er kva folk ofte må finne seg i på leigemarknaden i Bergen og andre storbyar. I desse dagar førebur titusenvis av ungdomar seg på å flytte heimanfrå for å byrje på studiar eller i ny jobb. Ein god del av dei må bu seg på å leve under ganske useriøse forhold.

Problemet omfattar langt fleire enn berre ungdomane i byen. I Bergen er det 22 prosent av innbyggarane som leiger plassen dei bur i, og 13,2 prosent fell innanfor SSB-definisjonen av å bu trongt. Sjølvsagt er det mange som har stabile, fornuftige utleigarar som gjer det trygt og godt å bu. Men det finst også cowboyar på marknaden.

Ein ny kampanje kallar seg «Reduser husleia». På Instagram driv dei kontoen «Min drittleilighet», der folk over heile landet deler bilete av bøttekott som blir leigt ut som soverom for tusenvis av kroner eller kollektiv som eigentleg er rivingsklare.

Kampanjen argumenterer for at ei «dritleilegheit» ikkje bere treng vere ein plass der rotter og skjeggkre er dei einaste husdyra. Det kan rett og slett vere at prisen ikkje står i stil med det du faktisk får.

Les også

Hans Mjelva: Norsk økonomi er delt i to

Eller kva med utleigarar som seier rett ut at dei ikkje vil leige ut til austeuropearar eller andre innvandrargrupper? Forsommarens antirasisme-debatt har vist oss at det kan vere mykje vanskelegare å få leigt ei leilegheit dersom du har eit ikkje-norsk namn.

På sider som Finn og Hybel.no er det lett å finne bukollektiv der rommet ditt vil koste tusen kroner per kvadratmeter i månaden. Det skal ikkje meir enn eit middels stort rom til før leiga nærmar seg prisen det ville kosta å betale på eit huslån.

Men ikkje alle har eigenkapitalen eller den fastløna som trengst for å få kjøpe. Eller i dei fleste studentars tilfelle: Det er for tidleg i livet til å kjøpe seg ein permanent plass å bu.

Koronakrisa viste oss kor lukrativt det er å vere utleigekonge i storbyane. Der folk blei permitterte i hundretusenvis, var det gjerne ingen reduksjon i husleiga. Og det einaste verkemiddelet regjeringa hadde, var å appellere om at eigedomsselskapa skulle «vere med på dugnaden». Det var det sterkt varierande interesse for, viste det seg.

Les også

Slik gikk boligprisene i juni: Ny rekordmåned for enkeltsteder

Fordi det vanlege i Noreg er å eige heimen sin, har leigemarknaden i mange år gått under radaren. Politisk har eige-lina vore den dominerande i fleire tiår. Det er vel og bra at mange nordmenn eig ein plass å bu. Men det er ikkje alle som kan eller vil eige. Derfor treng vi ein skikkeleg politikk også for denne gruppa.

I 2011 skreiv BT om dette hybelhuset i Bergen. Her budde det barnefamiliar i eit bygg med dårleg brannsikring og elendige forhold.

Vi i media må nok også ta vår den av skulda for at dette ofte blir ei usynleg gruppe. Nyhende om at bustadprisane aukar blir gjerne presentert som gladsaker. Eigedomsmeklarar og bankfolk blir nøytrale ekspertar. Kvifor ringjer vi aldri ein 31-åring som slit med å få kjøpt seg ein anstendig plass å bu i slike saker?

Regjeringa har varsla at dei kjem med ei stortingsmelding om sosial bustadpolitikk til hausten. Det er svært bra. Det er eit paradoks at heimen vår, som er det vi legg mest tid og pengar i, nesten framstår som eit politikkfritt område.

Den nye politikken må ha som utgangspunkt at leige ikkje er noko du driv med ein kort periode før du kjøper hus. Det skal vere mogeleg å bu stabilt i ein leigebustad i mange år.

Les også

SSB ser litt lysere på utsiktene, men spår fortsatt dyp coronakrise

Vi bør framleis auke talet på studenthyblar og kommunale utleigebustader og regulere prisane her. Det har også effekt inn i den kommersielle delen av leigemarknaden, fordi det blir vanskelegare å ta ein pris som er altfor mykje høgare enn kva du kan få hos kommunen eller studentsamskipnaden.

Leieboerforeningen, den viktigaste organisasjonen på området, peikar også på at politikken bør ha som mål å gjere det lettare å vere seriøs utleigar – og vanskelegare å vere cowboy.

Vidare er det viktig å styrkje både kunnskapen og rettane til dei som leiger. I dag er utleigar definitivt den sterke parten. Vi treng meir likevekt her. Ettersom den gjengse 19-åring neppe kan hamle opp med proffe utleigarar, må nesten staten ta eit ansvar her.

Folk må kunne seie nei til reglar om at det berre er lov å seie opp éin gong i året, at det ikkje er lov å ha med nokon heim på overnatting eller at huseigar kan kome og gå som hen vil.

Til saman har regjeringa no ein god sjanse til å ta eit krafttak for at alle nordmenn skal ha ein trygg plass å bu til ein pris som står i stil med huset.

Vi må rett og slett bli kvitt dritleilegheitene.

Publisert: