Hopp til innhold

Reagerer på endring av verdscupprogrammet: – Det er litt småfeigt

Ei ny øving skulle testast ut under verdscupavslutninga i Holmenkollen. No har det internasjonale skiskyttarforbundet snudd. Feigt, meiner Vetle Sjåstad Christiansen.

Skiskyting singel mixed stafett, verdenscup Pokljuka

KRITISK: Vetle Sjåstad Christiansen ville gjerne gått supersprint i Holmenkollen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Eg kan ikkje heilt skjønne at dei vel å droppe ut no. Det synest eg er litt småfeigt, eg må ærleg innrømme det, seier Vetle Sjåstad Christiansen til NRK.

Verdscupavslutninga i skiskyting kommande sesong skulle nemleg innehalde ei heilt ny øving: Supersprint. Tysdag kom kontrameldinga om at det likevel ikkje blir supersprint i Holmenkollen.

– Vi hadde fått ganske gode tilbakemeldingar på at det kom til å bli ein supersprint, og vi var ikkje akkurat negative vi utøvarane heller. Eg synest det er litt rart at dei ikkje vel å gjere skiskytinga endå meir spennande, seier Christiansen.

– Vi har eit aldrande publikum

Det er rett nok ikkje alle som er like ivrige på at supersprinten skal innførast i verdscupavslutninga.

Finland Biathlon Pursuit

VERDSCUPVINNAR: Johannes Thingnes Bø vann verdscupen med to poeng i vinter. Det er ikkje sikkert han hadde vunne om supersprinten var på programmet.

Foto: Jussi Nukari / AP

– Ideelt sett skulle eg ønskje dei hadde lagt den (supersprinten) til opningshelga i Finland og køyrt konkurransen utan verdscuppoeng. Og så sett korleis øvinga i løpet av eit par år påverka totalen i verdscupen, sa Johannes Thingnes Bø, som har vunne verdscupen dei to siste åra, då terminlista kom i april.

Konkurranseforma har vore prøvd ut i IBU-cup (nivået under verdscup) tidlegare, men altså ikkje på det øvste nivået.

– Vi har eit aldrande publikum i skiskyting, det er flest eldre som ser på, så eg trur det hadde vore bra å få inn ei ny og spennande øving for å fange eit yngre publikum. Det trur eg hadde vore det rette å gjere, seier Christiansen.

IBU: – Supersprinten kjem

No går øvinga ut frå programmet. Avgjerda er teken etter at det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) har hatt samtalar med utøvarkomiteen.

Tore Bøygard, IBU

STYREMEDLEM: Tore Bøygard i IBU.

Foto: Benjamin Bakken / NRK

– No har teknisk komite og IBU lytta til komiteen frå utøvarane, og det er grunngivinga. Det er ikkje uvanleg at ei terminliste blir endra på etter at ho har vore ute på høyring, seier styremedlem i IBU, Tore Bøygard.

Christiansen forstår kvifor nokon av dei beste utøvarane er skeptiske. Ei slik øving vil truleg føre til fleire stavbrekk, meir fall og meir dramatikk.

– Eg trur dei er redd for at ei så tett og jamn øving skal vere med å påverke verdscupen samanlagt. Eit lite stavbrekk kan vere med å påverke mykje av sesongen, seier han.

Bøygard er usamd i at avgjerda er feig.

– Eg ville ikkje brukt ordet feigt. Supersprinten kjem, og det er ei øving som kjem til å bli både spennande og vanskeleg å vinne framover. Det kjem nok an på kva utøvar ein spør, så vil ein nok få ulike svar. Eg har jo registrert at Johannes Thingnes Bø ikkje var veldig glad for denne øvinga, seier Bøygard.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal