Mjøndalen opp på kvallik-plass
Etter sju strake tap kom Mjøndalen seg tilbake på vinnarsporet då dei slo Haugesund på heimebane. Shuaibu Lalle Ibrahim avslutta eit strålande angrep ved å breiside ballen i målet. Det blei også einaste scoring i kampen, som gjer at Mjøndalen klatra forbi Start og opp på 14. plass i eliteserien.
For Start gjekk på eit tap borte mot Kristiansund, trass i at dei var i leiinga midtvegs i andre omgang. Bendik Bye hadde sendt Kristiansund i føringa før pause, men to kjappe frå Kasper Skaanes gjorde at Start lukta på tre poeng.
Men det ville ikkje Amahl Pellegrino ha noko av. Han sendte ein volley opp i hjørnet berre minutt etter at Skaanes sendte Start i føringa, før han var slo hjørnesparket som Aliou Couly stanga i mål, og sørga for at kampen enda 3–2 til Kristiansund.