Podkast: Er vestlendingar spesielt disponert for å bry seg om USA-valet?

Det er full kamp om Arbeidarpartiets stortingsliste for Hordaland. Og kva var det eigentleg teaterstykket «Ways of seeing» handla om? Høyr denne vekas episode av «Nokon må gå».

Donald Trump vil gjerne vere president i fire år til. Går det?
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Laila Bertheussen står midt i ein av Noregs mest omtalte rettssaker. «Nokon må gå»-podkasten går opp løypa om stykket som starta det heile, nemleg «Ways of seeing».

– Ein av dei som ikkje har sett stykket, er Erna Solberg, seier Jens Kihl. Han meiner statsministeren burde seie orsak til kunstnarane bak stykket.

– Slikt gjer det tøffare å vere kunstnar i Noreg, meiner Morten Myksvoll.

Arbeidarpartiets stortingsliste for Hordaland skaper debatt. Førebels er det kamp om tredje-, fjerde-, femte-, sjette- og niandeplassen.

Les også

Morten Myksvoll følgjer valet i USA

– Ein del av dei eg snakkar med i Ap, spør kva som har skjedd når vi har så mange som set eigne ambisjonar over partiets beste, seier Jens Kihl.

Vekas Å Vestland handlar om vestlendinganes forhold til USA. Morten Myksvoll dekker no valkampen med daglege kommentarar for BTs lesarar og fortel korleis engasjementet for landet i vest oppstod.

Anne Rokkan har vore tolv timar i USA, men ikkje kva tolv timar som helst. Ho trur derimot ikkje noko på teorien om at det finst eit spesielt band mellom USA og Vestlandet i dag.

Publisert: