Terje Breivik og Sveinung Rotevatn kjempar for si politiske framtid

Endeleg er det ein personkamp i Venstre igjen. Denne gongen står det om den svært usikre fyrsteplassen i Hordaland.

Terje Breivik og gitaren opna Venstre-landsmøtet i haust. Til høgre står Sveinung Rotevatn og inspiserer utgravinga av Gjellestadskipet.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

For å ta dei to viktigaste spørsmåla fyrst:

  1. Mykje tyder på at Sveinung Rotevatn ligg best an til å vinne fyrsteplassen for Venstre i Hordaland.
  2. Og mykje tyder på at han i så fall ikkje kjem på Stortinget.

For Terje Breivik er dette siste sjanse for å ha ei framtid i rikspolitikken. Han blei kasta som Venstre-nestleiar, og no kan han også miste stortingsplassen.

Men kanskje står det endå meir på spel for Sveinung Rotevatn. Han blei ikkje valt som partileiar. Om han heller ikkje får fyrsteplassen i Hordaland, vil eg tru at han må få seg ein jobb utanfor politikken etter valet.

Då kan det hende Sveinung Rotevatn ikkje blir å finne i Venstre-leiinga så frykteleg lenge.

Les også

Jens Kihl: Trine Skei Grande er nesten ubehageleg ærleg

Hittil ligg Rotevatn eit hestehovud framfor Breivik:

Lokallaga i Hordaland har røysta over kven dei helst vil ha på toppen av lista. Rotevatn har vunne i Bergen og Sunnhordland, i tillegg til å ha støtte frå Unge Venstre. Breivik har vunne i Øygarden og Voss/Hardanger.

Dette er berre å rekne som innspel til nominasjonsarbeidet, men det gjev eit inntrykk av kor sterkt dei står dersom det blir ei kampvotering på det endelege nominasjonsmøtet i februar.

Mitt inntrykk er at det er ei overvekt i nominasjonsnemnda som vil gå for Rotevatn, og at Breivik nok er mindre interessert i ei tøff votering med knapp siger. Men plassen dei kjempar om, er mildt sagt utrygg:

Vi må tilbake til juni 2018 for å finne ein månad der Poll of polls, som reknar saman snittet av meiningsmålingar i Noreg, plasserer Venstre over sperregrensa. På BT og VGs hordalandsmåling i august var Venstre ute av stortingsbenken.

Politisk er det nokre skilje mellom dei to kandidatane. Terje Breivik er meir sosialliberal der Sveinung Rotevatn er meir liberalistisk. I praksis står dei nok saman om dei aller fleste hovudsakene i Venstre – med eitt viktig unntak:

Terje Breivik har vore Venstres tydelegaste stemme mot å gå i regjering med Frp. Om han fell ut av stortingsgruppa, er den Frp-kritiske fløya etter kvart svært dårleg representert.

Les også

Podkast: Slik skal ho ta Venstre over sperregrensa

Skilnaden mellom dei ligg nok meir i erfaring og arbeidsmåte. Sveinung Rotevatn blei aktiv i Unge Venstre i Bergen. Seinare blei han ungdomspartileiar, stortingsrepresentant, statssekretær og statsråd.

Han er ein erfaren debattant, ideologisk orientert og har blikket retta mot dei store, prinsipielle sakene.

Terje Breivik melde seg inn i Venstre det året Rotevatn kom til verda. Han har fire periodar bak seg i heradsstyret i Ulvik – to av dei som ordførar – før han blei generalsekretær, nestleiar og stortingsrepresentant.

Han går for å vere ein dyktig organisasjonsmann og ein som følgjer opp små og store saker – ikkje minst for Hordaland. Om djevelen sit i detaljane, er Breivik fanden sjølv i budsjettforhandlingar.

Terje Breivik fekk 4,4 prosent i sist stortingsval i Hordaland. Sveinung Rotevatn har tidlegare stilt i Sogn og Fjordane (der nominasjonsprosessen no står på vent fordi han prøver å få den meir attraktive plassen i Hordaland). Der fekk han 4,1 prosent ved sist forsøk.

Les også

Jens Kihl: Kor djup er krisa i Venstre?

Ingen av kandidatane er perfekte. Rotevatn har ikkje budd i Hordaland på eit tiår. Konseptet med å ta inn listetoppar som ikkje bur i området, har vist seg å ha sterkt varierande suksess.

Breivik er for anonym, både i sosiale og tradisjonelle medium. Og kan hende blir han sett på som «gårsdagens mann» ettersom han ikkje fekk fornya tillit i partileiinga.

Kor som er: Det blir ein blytung jobb. I fjor hadde Venstre under 600 betalande medlemer i Hordaland. Av desse er noko over 200 i Bergen. Det er eit mildt sagt krevjande utgangspunkt for å drive valkamp.

Nominasjonen er så seint som midt i februar. Det gjev svært lite tid på å bli den samlande fyrstekandidaten for Venstre i Hordaland. Det siste må reknast som klassisk, uforståeleg Venstre-taktikk.

Men om du helst vil røyste på ein nynorskskrivande mann frå bygdene med briller, kan eg nesten garantere at Venstre er partiet for deg ved valet.

Publisert: