Gjev pris til Braut Haaland: – Eg er stolt av dette

Fotballspelaren Erling Braut Haaland (20) frå Bryne får Rogaland fylkeskommunes Bragdpris 2020.

Braut Haaland er den yngste Bragdprisvinnaren i Rogaland. Han er stolt over å vinne prisen.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Det er stort å vinne og få denne prisen, og ja, eg er stolt av dette. Eg skal ta han med meg vidare, og han skal få plass på peishylla, seier Erling Braut Haaland til fylkesordførar Marianne Chesak da han takka for prisen via skjerm på Teams.

Det skriv Rogaland fylkeskommune i ei pressemelding tysdag.

Han skulle eigentleg spelt Champions League kamp i St. Petersburg tysdag kveld, men er skada og må, som han sjølv seier, finne andre ting å glede seg over.

Les også

Transfermarkt: Nå er Braut Haaland verdt over én milliard

– Ei ære

Braut Haaland er, med sine 20 år, den yngste Bragdpris-vinnaren i Rogaland fylkeskommune sidan den blei delt ut for første gong i 1994.

Bragd-prisen blir delt ut til ein person som har markert seg ut over det vanlege nasjonalt og internasjonalt, og som har marknadsført Rogaland på ein positiv måte.

Årets Bragdpris-vinnar er kåra til Europas beste unge spelar i verdas største idrett. Det er allereie skrive to bøker om han, trass i at han berre er 20 år. I tillegg har han ein marknadsverdi på 1,68 milliardar kroner.

– Det er ei ære og glede å få dele ut Bragdpris for 2020 til Erling Braut Haaland, seier fylkesordførar Marianne Chesak i sin gratulasjonstale i det digitale fylkestinget 8. desember.

Snart skadefri

– Du har hatt ei eventyrleg reise og utvikling, frå Bryne til storklubben i Tyskland. Vi er utroleg stolte av deg! Du er ein fantastisk ambassadør for Rogaland og for fotballen, seier fylkesordføraren.

– Tusen takk for det. Dette er nydelege ord å få frå deg. Eg prøver jo berre å vere meg sjølv, på banen og utanfor banen, den guten frå Bryne som eg alltid har vore. Eg har ikkje endra meg sidan eg spelte i Bryne, eigentleg. Eg prøver rett og slett å kose meg med sporten som eg har halde på med heile livet, og prøver berre nyte livet, svarer den audmjuke Borussia Dortmund-stjerna.

– Korleis går det med skaden då?

– Eg har fått ein liten skade, men det er berre å sjå positivt på livet og finne andre ting å glede seg over. Eg kjem sterkare tilbake, og eg skal snart bli skadefri, lovar Erling.

Erling Braut Haaland sitt namn kom på leppene til heile fotballverda i 2019 då han som den yngste fotballspelar gjennom tidene gjorde hat-trick i debutkampen i Champions League – verdas med prestisjefylte klubbturnering - for Red Bull Salzburg. Sidan har karrieren hans skote fart.

Braut Haaland sitt namn er på leppene til heile fotballverda.

Stadig nye rekordar

Det kan sjå ut som om Erling Braut Haaland set ein ny rekord kvar gong han går ut på bana: Han scora ti mål på dei sju første kampane i Champions League, debuterte for Dortmund som innbytar i det 57. minutt, og gjorde hat-trick på 20 minutt. Han har òg markert seg på det norske landslaget og scora ni mål for Noreg mot Honduras i U20-VM i 2019. For å nemne noko.

Då Braut Haaland fekk tilbod om å spele for Manchester United, og i staden valde Dortmund, var det eit val som sette sportsleg utvikling framfor pengar og prestisje. Det sportslege er drivkrafta. For Erling handlar det om å bli så god som råd – og betre enn far. Det er han villig til å slite og ofre seg for. Bak alt av scoringar og kåringar ligg hardt og målretta arbeid. Når resten av laget har gått for dagen, står han gjerne att på feltet og terpar på detaljar.

Les også

Skadet Erling Braut Haaland ferdig for året

Ein særs god ambassadør

Fylkesordføraren framhever at Erling Braut Haaland er ein særs god ambassadør for Jæren og heile Rogaland.

– Her er altså ei mengde merittar og rekordar og ovasjonar å ta av – det er stoff til ein timeslang tale. Men de skjønnar poenget: Erling Braut Haaland er eit positivt forbilde for unge idrettsutøvarar, ikkje bare i Rogaland og Noreg, men i heile den fotballinteresserte verda. Han veit kor han kjem frå, og med dei eineståande prestasjonane på fotballbana og sitt jordnære vesen utanfor, er han ein særs god ambassadør for Jæren og heile fylket vårt, seier ein tydeleg stolt fylkesordførar.

Publisert: