Hopp til innhold

Åtvarar mot skred og flaum: Her har det samla seg mange tonn is i elva

Frå nord til sør gir snøskred, flaum og fare for sørpeskred store utfordringar. I Førde i Sunnfjord har det danna seg ein stor ispropp midt i sentrum.

Ispropp i Førde sentrum

MASSE IS: Store mengder is har samla seg i elva Jølstra i Førde. Folk blir åtvara mot å gå ut på isproppen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har akkurat fått beskjed om denne proppen og har varsla kommunen, seier Erik Holmqvist i NVE til NRK.

Mange skodelystne har samla seg ved elva Jølstra som renn igjennom Førde sentrum, men folk blir åtvara mot å gå ut på isproppen.

– Noko slikt kan eg aldri hugse å ha sett før, fortel ein godt vaksen mann til NRK sin fotograf på staden.

Med fleire plussgrader i lufta og meir nedbør i vente, opprettheld NVE no flaumvarslet for vestlege deler av Sør-Noreg.

Skiløper tatt av snøskred ved Trollheimsporten.

MARKERER SKREDET: Skiløparen som blei tatt av skredet ved Trollporten varsla sjølv om skredet.

Foto: @laup på regobs.no

Mann tatt av snøskred

Men frå Finnmark i Nord til Sørlandet er det også betydeleg snøskredfare.

– Det er betydeleg fare for snøskred både i Nord-Noreg og i Sør-Noreg, seier vakthavande ved skredvarslinga, Ingrid Skrede.

  • Søndag føremiddag gjekk det eit stort snøskred i Skillefjord i Alta.
  • Fleire hytteigarar i området er innesperra.
  • Fleire vegar er og har vore stengde rundt om i landet.

I det populære turområdet Trollporten i Trollheimen blei ein skiløpar tatt av eit større flakskred laurdag.

Mannen i 40-åra melde sjølv frå om skredet.

– Rente roleg i relativt flatt terreng då henget over losna. Blei dratt med ti meter nedover mot skiløypa og delvis begravd til knes, skriv mannen sjølv på varslingstenesta Regobs.

Vegar måtte stengast

På Veitastrond i Luster i Sogn sperra eit snøskred den einaste vegen ut av bygda søndag og om lag 150 innbyggarar var innesperra.

– Vi har fått brøyta og opna vegen igjen, fortel brøytesjåfør Oddbjørn Molland til NRK.

Fleire vegar måtte stengast sist natt på grunn av skred og skredfare, blant anna riksveg 13 over Vikafjellet.

Denne fjellovergangen blei opna rett før klokka 12 i dag.

Flaum på Tokagjel parkering på Kvamskogen utanfor Bergen.

FLYTT BILANE: Ved Tokagjelet på Kvamskogen fløymde det over på parkeringsplassen søndag.

Foto: Atle Byrkjeland

Flaumfare mange stader

På Vestlandet frå Sunnmøre til Nord-Rogaland er det også sendt ut gult farevarsel for flaum.

– Vassføringa er venta å auke i små og middels store elvar på grunn av mykje nedbør og mildvêr, opplyser NVE.

På Kvamskogen utanfor Bergen tetta ei elv seg til søndag føremiddag og førte til flaum på den mykje brukte parkeringsplassen ved Tokagjelet.

– Hent bilane dykkar

Brøytesjåfør Atle Byrkjeland frå Norheimsund la ut bilete på nett og bad folk om å henta bilane sine.

– Det er ikkje dei store snømengdene her, men snøen smeltar fort og bekkar og elvar tettar seg til, seier Byrkjeland til NRK.

NVE vil oppretthalde flaumvarslet utover måndagen. Dei vil også sende ut farevarsel for sørpeskred i utsette område.