– Me var berre to jenter i klassen i Knarvik. Begge har gått vidare.

Folk i vest: Møt Anja Gjertsen (23).

  • Odd E. Nerbø (tekst og foto)
Publisert: Publisert:

– Eg har fått mykje positivt ut av koronatida. Til sommaren blir eg ferdig med byggingeniørutdanning, utan å ha sett min fot på Høgskulen på eit år. Fleksibiliteten med heimestudium gjorde at eg kunne arbeide to dagar i veka for NCC med bygging av bybane til Fyllingsdalen. Litt forelesing, så jobbmøte, så studiet. Alt har skjedd heime i stova mi. Heilt sidan eg byrja på Knarvik vidaregåande skule for å bli betongarbeidar, har eg kombinert praktisk arbeid med å studera. Å jobba to dagar i veka i ei bedrift har gjort at eg har tent pengar medan eg tok utdanning. Eg er sikra fast jobb i NCC, bur i eiga leilegheit og køyrer eigen bil. Me var berre to jenter i klassen i Knarvik. Begge har gått vidare og blir ingeniørar.

Publisert: