For fyrste gong på 88 år kan KrF miste stortingsplassen frå Hordaland

Ein gong i tida var Hordaland kjerneområde for KrF og Venstre. No kan dei forsvinne frå hordalandsbenken.

Dag Inge Ulstein er utviklingsminister frå KrF og har tidlegare vore finansbyråd i Bergen.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

På den nye BT-målinga får dei raudgrøne 9 av 15 stortingsplassar frå Hordaland: Fire til Ap, to til SV, to til Sp og ein til MDG.

Frp og Høgre får seks plassar. KrF, Venstre og Raudt er ute av stortingsbenken på denne målinga.

Dermed er dette er ei svært god måling for raudgrøn side. Sjølv om Arbeidarpartiet berre ligg rett over 20-talet, kan partileiar Jonas Gahr Støre konstatere at han har gode sjansar til å bli statsminister med denne målinga.

Om SV får inn to frå Hordaland, vil det vere fyrste gong på 20 år. Dermed kan fyrstekandidat og partileiar Audun Lysbakken juble inn mot helgas landsmøte.

Også Venstre har landsmøte til helga, men der blir det nok ikkje jubla like høgt. Nestleiar og klimaminister Sveinung Rotevatn har ikkje vore inne frå Hordaland på ei einaste måling etter at han blei fyrstekandidat.

Aller mest dyster er nok målinga for utviklingsminister og stortingskandidat Dag Inge Ulstein frå KrF. Om partiet nokon gong har levd opp til namnet og vore eit folkeparti, er det på Vestlandet.

Det var i Bergen KrF blei stifta i 1933. Nokre veker etterpå fekk dei sitt fyrste stortingsmandat frå Hordaland, og har vore representert herfrå sidan. Om Ulstein mislukkast i å kapre eit stortingsmandat, vil det vere historisk.

I to år har Ulstein vore utviklingsminister utan å klare å bli særleg synleg. Eit viktig unntak kom denne våren, då det blei konflikt om kor vidt Noreg skal stille seg solidarisk og jobbe for at også fattigare delar av verda får vaksine.

Les også

Dette er Bergens nye maktpar

Likevel er dei fleste sakene Ulstein jobbar med saker det er vanskeleg å skape konflikt rundt. Sånt blir det lite spalteplass og skjermtid av. Det er kanskje synd at det er slik. Men resultatet er i alle fall at det ser styggare ut for Hordaland KrF enn på lenge.

Viktigast for dei elendige tala er sjølvsagt at KrF ligg svært lågt nasjonalt. Då blir det vanskelegare for vestlendingane å bryte trenden. KrF slit med å finne saker dei kan vere for, og ikkje berre saker dei er mot.

Det blir mykje motstand mot abort, bioteknologi, alkohol, kjønns- og seksualitetsmangfald og så bortetter. Det er stadig færre som har ein slik motstand som hjartesak, og KrF har ikkje lukkast i å finne nye, samlande prosjekt.

I tillegg kan det hende at dei treng nokre fleire PR-folk på jobb, same kor utskjelt den yrkesgruppa er. Kampsaker som «likeverdsreform», «ansvarskommisjon» og «barnekoordinator» er ikkje akkurat sjølvforklarande.

Både Venstre og KrF ligg under sperregrensa på fire prosent på dei nasjonale stortingsmålingane, viser utrekningar hos Poll of polls.

Men om Venstre og KrF snik seg opp eit lite prosentpoeng på målingane, samstundes som Ap, MDG eller SV søkk litt, er biletet heilt motsett:

Plutseleg kan styrkeforholdet mellom blokkene vere drastisk endra berre ved at nokre få veljarar skiftar oppfatting her i fylket. Det meste tyder på at valkampen i Hordaland blir intens, spanande – og viktig for partias nasjonale resultat.

For tida ligg borgarleg side så lågt på målingane at det ikkje er nok at Venstre og KrF kjem over sperregrensa. Så lenge Frp ligg an til å gjere eit katastrofeval nasjonalt, blir det ikkje noka ny Erna Solberg-regjering.

Men om KrF og Venstre plutseleg skulle kare seg over den magiske streken på fire prosent, vil sjansane sjølvsagt auke. Då går partia frå å ha ein eller to representantar til å ha seks, sju eller åtte.

Og båe parti har folkerike Hordaland som eit definitivt kjerneområde. I 2017 var Hordaland det nest sterkaste fylket for KrF og det tredje viktigaste for Venstre.

Om dei to sentrumspartia gjer gode valkampar i Hordaland, kan det få mykje å seie for partia nasjonalt. Slik denne målinga viser, skal det eigentleg svært lite til.

Både Audun Lysbakken og Sara Bell kan få stortingsplass frå Hordaland for SV til hausten. Her er dei to i 2010.

På denne målinga mistar Venstre veljarar til raudgrøn side og tek frå borgarleg side. I tillegg set mange veljarar seg på gjerdet. Meir enn halvparten av dei som røysta Venstre i 2017, svarer at dei ikkje ville gjort det no.

Det er likevel enklare å hente veljarar frå gjerdet enn det er å hente tilbake dei som har landa på at dei vil røyste på eit anna parti. Det er eit ljospunkt for eit parti som ikkje akkurat kan juble over målingane om dagen.

KrF mistar veljarar til gjerdet, Senterpartiet, Venstre og Høgre – men hentar knapt ein ny veljar. Det er eit svært dårleg teikn.

Tidlegare har politikarar som Anita Apelthun Sæle og Laila Dåvøy representert KrF frå Hordaland. Dei klarte definitivt å provosere nok til at dei blei lagt merke til. Det er kanskje på tide at den tidlegare popvokalisten Dag Inge Ulstein finn fram utestemma igjen.

Publisert: