Senterpartiet vil lytte til folket

Det ser ut til at regionreforma kjem til å gå i oppløysing frå innsida.

Kjersti Toppe og Erling Sande svarar her på BT-leiaren om regionreforma.
  • Kjersti Toppe
    Førstekandidat for Senterpartiet i Hordaland
  • Erling Sande
    Førstekandidat Stortinget, Sogn og Fjordane Sp
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Bergens Tidende ber partia avklare standpunktet sitt når det gjeld regionreforma og framtida til Vestland. Det synest vi er bra at dei gjer. Men at dei fyrst og fremst peikar på at Senterpartiet, er vanskeleg å forstå. Senterpartiet sin politikk er klar. Vi vil vidareføre vårt folkestyre og vår forvaltning organisert i tre nivå: stat, fylke og kommune.

Les også

BT-leiaren: Partia må avklare om dei vil avlive Vestland fylke

I Senterpartiet sitt forslag til nytt partiprogram står det at Senterpartiet vil oppheve samanslåingar vedtatt i stortingsperiodane 2013–2021, dersom innbyggarane i tidlegare kommunar og/eller fylke sjølv gir uttrykk for det i ei folkerøysting. I det ligg det sjølvsagt at Senterpartiet opnar for reversering av Vestland og andre fylke og kommunar som er slått i hop, dersom det er ynskje om det lokalt.

BT skriv at det i vest er politikarar frå Senterpartiet som er nokre av dei viktigaste arkitektane bak samanslåinga. Det er feil. Det er regjeringa som er arkitekten bak samanslåinga. Regionreforma deira bygde på tvang og har hatt liten politisk støtte.

På Stortinget har både Senterpartiet, Arbeiderpartiet og SV vore motstandarar av tvang. Dei tre partia stemte av den grunn også imot samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane. Føresetnaden om nye, store oppgåver var ikkje innfridd. Høgre og Frp har heller ikkje vist entusiasme og støtte til reforma. Dei ynskjer ikkje noko regionalt folkevald nivå i det heile.

Då regjeringa lanserte reforma var grunngjevinga at dei eksisterande fylka ikkje var robuste nok til å løyse dei nye oppgåvene som regionane skulle få. Fylka er slått saman, men nye, store oppgåver har ikkje kome. Nesten umerkeleg bytta regjeringa ut omgrep som «sterke regionar» til «nye fylkeskommunar».

Hordaland Sp og Sogn og Fjordane Sp hadde noko ulik tilnærming til regionreforma i førre valperiode, men begge var tydelege på at ein føresetnad var nytt ansvar, fleire oppgåver og betre økonomi til fylka. Dessutan var det eit vilkår at Stortinget faktisk vedtok ei regionreform.

Etter valet til hausten vil truleg Troms og Finnmark få gjennomslag i Stortinget for å løyse seg opp og bli to sjølvstendige fylke. Det same gjeld Viken og fylka Østfold, Akershus og Buskerud. På Vestlandet er både Rogaland og Møre og Romsdal i dag sjølvstendige fylke.

Slik ser det ut til at regjeringas fylkessamanslåingsreform kjem til å gå i oppløysing frå innsida. Regjeringa valde å køyre over folkeviljen i regionreforma. Senterpartiet har sagt vi vil lytte til den. Difor ønskjer Senterpartiet å legge til rette for ei folkeavrøysting om saka der folk i dei to delane av Vestland får gje uttrykk for meininga si om framtida til Vestland fylke.

Publisert: