Hopp til innhold

Det er skogbrannfare fleire plassar: Her er råda frå brannvesenet

No skal det ikkje så mykje til før det kan blusse opp brann på Austlandet, Sørlandet og delar av Finnmark.

Skogbrannfare

SLUKK GODT: Tommy Simensen i brannvesenet seier det er lurt å ha med seg godt med vatn slik at ein kan dynke eingongsgrillen skikkeleg når ein er ferdig med den.

SLUKK GODT: Tommy Simensen i brannvesenet seier det er lurt å ha med seg godt med vatn slik at ein kan dynke eingongsgrillen skikkeleg når ein er ferdig med den.

Ei periode med mykje godt vær, lite regn og gode temperaturar har gjort bakken tørr fleire plassar.

Nyleg var det dramatisk på Sotra under ein grasbrann der fleire måtte evakuere og nokon mista huset sitt.

Vestlandet har fått regn no, slik at faren er over der fortel meteorolog, Terje Alsvik Walløe.

– Aust i Finnmark dryger det til søndag før det kjem noko nedbør. På Austlandet og Sørlandet blir det generelt lite nedbør i dagane framover og tørt no i helga, seier Walløe.

Her kan du sjekke kor det er varsla fare for skogbrann eller gras- og lyngbrann.

Dette bør du passe på

Det er forbod mot å tenne bål mellom 15. april og 15. september. Men det er likevel lov å tenne opp om du gjer det på ein tilrettelagt og forsvarleg plass.

– Er du på ei strand, så gå ned i steinura eller sandstranda. Ikkje tenn opp på grasbakkar. Det er ikkje berre å tenne opp bål der ein ønsker.

Det seier Tommy Simensen jobbar med førebygging i Ringsaker brannvesen. Han fortel at det kan vere lurt å registrere på nettsidene til det lokale brannvesenet, kor ein er når ein tenner opp bål.

Her er Simensen sine råd:

Bål ved Femunden
Skal du fyre bål under bålforbodet kan du til dømes gjere det i vasskanten og med steinar rundt. Men vèr heilt sikker på at det ikkje kan begynne å brenne.
SDL08650.JPG 3
Pass på å dynke eingongsgrillen skikkeleg godt med vatn og syt for at den er heilt kald før du kastar den.
66F7B395-1C76-4229-8613-1CDA03271EC0
Plasser primusen på ein egna plass. Det bør vere på eit underlag som ikkje kan ta fyr om du er uheldig og bikkar den.
Søppelbål i Lofoten
Du bør ikkje brenne søppel eller hageavfall heime. Køyr det til gjenvinning.
Skogbrannfare
Dei fleste kommuner har oppdatert informasjon om skogbrannfare på heimesidene sine.

Mange har kasta seg ut i friluftslivet, og om ein nyleg har skaffa seg primus, bør ein også vite at ein må vere forsiktig med den, seier Simensen.

Han fortel at dei til tider får meldingar om folk som har tent på hageavfall, eller som driv med bråtebrann. Det er det ikkje lurt å gjere no, seier han.

– Reis på eit godkjent mottak for å levere søppel og andre ting. Søppel er det aldri lov å brenne.

Finvêr fleire stader

Det er komen regn på Vestlandet, i Trøndelag og delar av Nord-Noreg. Men på Austlandet og Sørlandet blir det stort sett sommarvêr.

– Open eld skal ein ikkje drive no, med bortsett frå på godkjente plassar. Bortsett frå det er det berre å kose seg med det fine været, seier meteorolog, Terje Alsvik Walløe.

Skogbrannfare

PASS PÅ: Tommy Simensen seier mange ikkje sløkker med nok vatn før dei kastar eingongsgrillen. Du bør vere heilt sikker på at den er kald, seier han.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Bruk sunn fornuft og ikkje forlat eit område før du er sikker på at det er sløkt, seier Simensen i brannvesenet.

Flere saker fra Innlandet