Bortesigrar for FFK og AaFK
Fredrikstad kneip innpå HamKam i toppen av 1. divisjon etter 1-0 i bortemøtet med Raufoss. FFK er berre målskilnaden to poeng bak Hamar-laget. Taofeek Ismaheel scora målet etter 53 minutt.
Jerv låg lenge an til andreplass, men mista sigeren til Ull/KIsa fire minutt på overtid. Med 3-3 fall Jerv til fjerdeplass med den utlikninga. Det var seks ulike målscorarar i kampen.
Aalesund er på fjerdeplass etter 2-1 over Grorud i Oslo. Niklas Castro og Sigurd Haugen scora for AaFK i starten av kvar omgang, før Oscar Aga reduserte med sitt tiande mål i årets serie.
Sogndal vann 1-0 på Bryne, men fekk Tobias Bjørnebye utvist ti minutt før slutt.
Ranheim sende Sandnes-Ulf til botns på tabellen med solide 4-0 heime i Fjæra. Christian Eggen Rismark scora to i Hugo Pereiras første kamp som Ranheim-trenar.
Stjørdals-Blink tok seg vekk frå sisteplassen med 2-1 i botnppgjeret på Strømmen, som no er på nedrykksplass.