Hopp til innhold

– For mykje gladnyheiter om det varme vêret!

Er det ein gladsak når gradestokken bikkar 34 i Finnmark? – Folk kosar seg i varmen, men det er ein bismak her, seier vêrforskar.

Sol Sørenga

HUGS BAKTEPPET: – Vi har klimaendringar og vi har eit vêr som blir varmare framover i tid. Det er eit bakteppe vi må ta med oss, seier Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Juni var den femte varmaste junimånaden Meteorologisk institutt har målt, og fleire stasjonar i Finnmark har fått nye varmerekordar.

Talet på hetebølgjer i Noreg har auka i løpet av dei siste 30 åra.

I media har det varme vêret blitt dekka med vinklingar som «kan bli drømmevær mot slutten av veka» eller «Sør-Noreg får finast start på fellesferien».

Er dette riktig måte å gjere det på?

«Når gradestokken bikkar 34 i Finnmark, er det ikkje ein gladsak», skriv MDG-politikar Eivind Trædal på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Han får støtte frå kollegaer i same parti.

– Det har vore for lite fokus på kva det varme vêret er eit symptom på, seier Mariel Eikeset Koren i MDG Gloppen.

Øyvind Strømmen stemmer i:

– Folk må for all del kosa seg i varmen, men når varmerekordar vert sprengt både i Noreg og i andre land, og det samstundes er ein del av ein langsiktig trend, burde media gje oss færre badebilete og meir innsikt.

Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk, på si side, meiner gladsakene er adekvate:

– Sjølvsagt er det ein gladsak at også finnmarkingane får bade i havet til ein forandring, skriv han på Facebook.

Vebjørn Selbekk, redaktør i avisa Dagen

GLADSAK: – Sjølvsagt er det ein gladsak at også finnmarkingane får bade i havet til ein forandring, meinar Vebjørn Selbekk.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Media har eit stykke att å gå

Katherine Duarte er i sluttfasen på ein doktorgrad ved Universitetet i Bergen om korleis norske media dekkjer klimakrisa.

– Varmt vêr blir dekka som ein positiv nyheit, og det er kanskje fordi vi ikkje er så bortskjemt med det, seier ho.

Då ho budde i Spania, såg ho det varme vêret bli dekkja på ein heilt annan måte.

– Der blir konsekvensane dekkja mykje meir. Så her har norske media eit stykke att å gå.

Ho legg til at media har eit stort ansvar, og ikkje berre må dekkje hetebølgjer «som ein gladnyheit med barn som badar og et is.»

Eivind Trædal på MDGs valgvake i Oslo

ANNA MÅTE: Er det mogeleg å dekke ekstremvarme på ein annan måte enn med bilete av glade badande menneske? spør Eivind Trædal (MDG).

Foto: Adrian Nielsen / NRK

– Eit bakteppe vi må ta med oss

– Vi har klimaendringar og vi har eit vêr som blir varmare framover i tid. Det er eit bakteppe vi må ta med oss, seier klimaforskar ved Meteorologisk institutt Hans Olav Hygen.

Korleis media dekkjer det varme vêret påverkar folk si oppfatning av klimadebatten, seier han.

– Det er viktig at vi jobba saman og få ei heilskapleg og sannferdig framstilling av dette.

Seniorforskar ved CICERO Maria Sand seier at problemstillinga er vanskeleg for eit solhungrig folk i nord.

– Vi ynsker hetebølgjer velkomne om sommaren. Folk kosar seg i varmen, men det er ein bismak her. I Noreg og resten av verda får vi stadig fleire varmerekordar og færre kulderekordar.

Ramberg i Lofoten

LOFOTEN: I media har det varme vêret blitt dekka med vinklingar som «kan bli drømmevær mot slutten av veka» eller «Sør-Noreg får finast start på fellesferien».

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK