Viking tek ikkje over Avaldsnes
Viking har hatt samtalar med Avaldsnes om å ta over satsinga til klubben i Toppserien for kvinner, men partane innsåg at det blir for vanskeleg å få til.
Det opplyser Avaldsnes i ei pressemelding. Der står det at klubbane har «konkludert med at det er vanskelig å få til et samarbeid som er passende og har samme ambisjonsnivå».
Fleire eliteklubbar på herresida har dei siste åra satsa på kvinnefotball. Framfor 2020-sesongen bytte til dømes Trondheims-Ørn namn til Rosenborg, og det var noko liknande Avaldsnes og Viking sjekka ut moglegheitene for å gjere òg i rogalandsfotballen.
Ifølgje Avaldsnes har det vore kontakt mellom klubbane i lang tid, men det har heile vegen vore klart at målet ville vere vanskeleg å oppnå. Viking har understreka at dei per i dag ikkje har organisasjon eller økonomi til å overta eit lag i Toppserien, medan lokale krefter har jobba aktivt for å vidareføre Avaldsnes si satsing på Haugalandet.