Aursnes inn for Berge
Fredrik Aursnes er henta inn og tek over Sander Berges plass på landslaget i dei viktige septemberkampane i VM-kvalifiseringa.
Det opplyser Norges Fotballforbund på Twitter.
Berge er uaktuell for landslagsspel etter at han testa positivt på koronaviruset. Det stadfesta NFF søndag kveld. Sheffield United-proffen er i ti dagars isolasjon.
Aursnes står med ein kamp for A-landslaget. Den kom då midtbanespelaren slapp til som innbytar i 1-2-tapet for Hellas i juni.
25-åringen blei i sommar seld frå Molde til Feyenoord.
Norge møter Nederland på Ullevaal stadion onsdag. Deretter er det kampar mot Latvia borte og Gibraltar heime.