Bakke fortalde om avgjerda si på ein pressekonferanse på Fosshaugane Campus i dag.
– Eg har vore sju år i Sogndal. Eg føler arbeidet er snart til endes. Eg er klar til å ta nye steg og kome meg vidare. Det må og klubben gjere.
Overraska
Etter oppgjeret Bakke tok med bygda og haldningane klubben for to år sidan, meiner NRK sin fotballekspert, Jan Petter Saltvedt, det ikkje er unaturleg at han er klar for endringar.
– Eg er litt overraska reint sportsleg. Det har virka som om Bakke har tatt nokre grep, og signalisert ei ny retning for Sogndal, med mange unge og talentfulle spelarar, seier Saltvedt.
Opprykk og nedrykk
Bakke har vore trenar for Sogndal sidan 2015. Allereie i debutsesongen hans rykka dei opp til eliteserien, før dei rykka ned att i 2017.
Sidan 2018-sesongen har dei vore i 1. divisjon. I fjor kom dei seg nesten opp att til dei store, men draumen brast på målstreken. Mjøndalen vart for sterke i kvalifiseringskampen om ein plass i årets eliteserie.
Bakke har kontrakt ut året, og det har lenge vore usikkert om han ville halda fram eller ikkje. Og i dag kom altså svaret.
Bakke-familien
På mange måtar er Bakke eit namn som går synonymt med Sogndal Fotball.
Eirik er son av «Mr. Sogndal», Svein Bakke, som gjekk bort i 2016.
Eldste far Bakke var ein av dei som løfta Sogndal til ein toppklubb, og var også med då Sogndal tok sølv i cupen i 1976.
I vår signerte tredje generasjon Bakke, Johan Johannessen Bakke, proffkontrakt med Sogndal.
No blir det altså utan far Eirik Bakke som trenar i klubben.
Kven tek over?
På pressekonferansen vart det ikkje sagt noko om klubben har byrja jakta på ny trenar, men sjølv seier Bakke dettte om hausten.
– Framover handlar det om å vinne så mange kampar som mogeleg, og kome oss til Eliteserien.
Tidlegare leiar i supperterklubben Saftkokaradn, Vidar Vadseth, vil at klubben ser ut av bygda på jakta etter ny trenar.
– Draumen er at vi kan få inn einkva ekstern som kan sjå klubben med nye auge.
Gode skussmål
På den korte pressekonferansen på Fosshaugane Campus fekk Bakke gode skussmål frå leiinga i klubben.
– Det har vore sju år som har gitt oss mange gode opplevingar og resultat. Eirik har vore ein lagutviklar av dimmensjonar som har bygt ei spelargruppe som har levert, seier dagleg leiar Rasmus Mo.
Mo skal sjølv slutte i si stilling som dagleg leiar i klubben.