Hopp til innhold

Nesten heile landet har ei grå jul i vente

Dersom du har gledd deg til kvit jul, bør du kanskje finna noko anna å sjå fram til. Med mindre du bur i Finnmark.

Tromøy i Arendal grått vêr

BLAUTT: Det kan bli ei blaut og grå jul i nesten heile landet. Her frå Tromøy i Arendal ei tidlegare jul.

Foto: Jarle Kvam

Desember har vore kald og tørr. Mange har fått nyta klårvêr og store snømengder.

Søndag skal vêret legga om, og det kjem eit lågtrykk inn over Sør-Noreg frå vest. Etter kvart vil det trekka mot nord.

Det betyr at det blir mildt, både i komande veke og framover.

– Det kan fort bli ti grader og kanskje endå høgare på Vestlandet, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Det kan bety at dei fleste må sjå langt etter ei kvit jul.

Derimot vil det bli både mildt og fuktig fram mot julaftan. Det er både nedbør og vind i vente.

– Det blir rett og slett ruskevêr, seier Fagerlid.

Det kan koma mange titals millimeter regn mange plassar.

– Det ser ut som det spøkar stort for julesnøen.

Kan skje eit skifte

Langtidsvarselet med mild luftmasse er fram til rundt 20. desember. Ifølgje meteorologen er det enklare å varsla vêret om vinteren enn om sommaren, fordi det er mykje kaldluft om vinteren.

Denne lufta er tung å flytta på, og vêret blir derfor meir føreseieleg.

– Det tek litt tid å bli kvitt mild luftmasse, seier Fagerlid. Han understrekar at det likevel kan skje eit skifte rett før jul.

– Per i dag er eg ikkje veldig optimistisk for kvit jul i låglandet.

Geir Ottar Fagerlid

LITE OPTIMISTISK: Statsmeteorolog Geir Ottar Fargerlid har lita tru på at det blir kvit jul i Sør-Noreg.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Han får støtte frå statsmeteorolog Rannveig Eikill. Ho påpeikar at prognosane nærast jul er usikre.

– Ein kan kryssa fingrane, seier ho.

Kan smelta i fjellet

Med ti varmegrader i låglandet, kan snøen òg koma til å smelta ganske høgt til fjells. Fagerlid påpeikar at det kan koma litt snø i fjellet, men at temperaturane her òg kan bli ganske høge.

– All snø i fjellet vil kunna få seg eit skot for baugen.

Ifølgje Eikill kan snøgrensa gå ein del opp, til mellom 1000 og 1500 meter i Sør-Noreg.

Twitter-melding frå meteorologene 10. desember 2021
Foto: Skjermdump
Meteorologisk ver mandag 13. desember 2021
Meteorologisk vêr søndag 12. desember 2021

REGN: Bileta Meteorologene har lagt ut på Twitter viser vêrendringa frå søndag til måndag.

Vanlegvis er desember ein av dei våtaste månadane i året.

Til no har månaden vore veldig tørr.

– Det er ikkje uvanleg at me må betala litt for det seinare, slik at det jamnar seg ut, seier Fagerlid.

Gjeld nesten heile landet

Statsmeteorolog Rannveig Eikill seier at mildvêret vil nå store delar av landet. Bergen kan få ti grader, medan Oslo kan få seks-sju mot slutten av veka.

Det blir mildt òg lenger nord, med rundt seks grader i Bodø og rundt fem i Tromsø.

– Men i Alta er det håp om kvit jul, seier Eikill.

Der har det vore kaldt, men kan bli opp mot to grader mot slutten av komande veke.

Det kan bety sludd, men det kan òg bli kvit jul.

Søreide, Sandane regn
Søreide, Sandane snø

BLIR GRÅTT: Søreide på Sandane får truleg snart grå vinterdrakt.

Foto: Randi Ryssdal