Løkberg fekk sitt raude kort etter berre 12 minutt. Han felte Bilal Njie og fekk direkte raudt kort av dommar Rohit Saggi. .
Etter tapet var dei ein tårevåt Løkberg som stilte til intervju.
– Utvisinga er feil, det ser alle etterpå. Det er ikkje utvising, det er ikkje frispark eingong, sa Løkberg til Eurosport.
– Eg toler å bli utvist og stå i det. Men det er berre så tungt å sjå tusen tilreisande som legg tid og pengar i det, og lagkameratane som må springe i meir eller mindre i nesten 90 minutt.
– Då legg du mykje av det på deg sjølv?
– Vi kan slakte dommaren så mykje vi vil, det er jo feil. Men eg er meir opptatt av at eg gjer ein feil i forkant. Det er kjedeleg at ein feil blir retta opp av ein feil. Men sli, k er det i fotball, av og til blir du hardt straffa for feil, andre gonger blir du redda. Når vi no endar med å tape, tek eg på meg fullt ansvar for det, sa Løkberg, som aldri før har blitt utvist.
– Eg skal kome over det. Men det var jævlig.
Haugesunds Bilal Njie var av ei anna oppfatning.
– Kontakten var der, og den var nok til at eg fall.
– Meiner du det er nok til raudt kort?
– Det veit eg ikkje, slikt er det dommaren som skal avgjere.
– Utvisinga såg litt soft ut, sa Viking-trenar Bjarte Lunde Aarsheim i pausen.
Viking leia ved pause, og først etter 84 minutt var Haugesund i leiinga. Det enda med 4–2 til heimelaget.
– Trykket frå Haugesund blei til slutt for stort, Viking makta ikkje å stå imot til slutt, det var ein forten siger til Haugesund, sa Eurosport-ekspert Lars Bohinen.
Tre mål og raudt kort på 20 minutt
Dei første 20 minutta av kampen i Haugesund blei svært innhaldsrike.
Det tok berre fire minutt før Viking var i teten. Sebastian Sebulonsen la presist inn til Daniel Kalsbakk, som scora frå kort hald.
Fire nye minutt, og det var balanse. Alioune Ndour tok imot ballen frå Viljar Vevatne og sett ballen greitt i mål.
Ytterlegare fire minutt, så kom utvisinga. Løkeberg prøvde å runde Njie etter ein corner, og det enda med at Njie fall. Dommaren var raskt oppe med kortet, og Viking var nede i ti mann.
Så gjekk det heile åtte minutt. Søren Reese stoppa eit innlegg med handa, og dommaren bles straffe til Viking. Den sette Samúel Fridjónsson sikkert og greitt i mål, og Vikings ti mann leia 2–1.
Halvtimen var spela då Vikings keeper måtte gje retur på eit skot, og PeterTherkildsen snappa ballen og sette han i mål.
Annullert
Haugesund jubla for det dei var sikre på var ei utlikning. Så kom dommar Roggi igjen i fokus då han annullerte, og gav Viking frispark i staden.
– Vi var sikre på scoring, det fekk vi beskjed om på benken, sa Haugesund-trenar Jostein Grindhaug.
Men han slapp å vente lenge på scoring. Haugesund gjekk hardt ut etter pause, og sju minutt etter pausen fekk Ndour fulltreff og sette inn 2–2 heilt inne ved stolpen. Hans åttande mål i årets eliteserie.
Det såg ut til at Vikings 10 mann skulle klare å hente eitt poeng i Haugesund. Men seks minutt før slutt fekk heimelaget løn for overtaket. Innbytar Nikolas Walstad gjekk til dødlinja som han så ofte hadde gjort før i kampen. Innlegget gjekk til Søren Reese, som sette ballen i nettet til 3–2 og det tredje strake tapet for Viking.
Siste målet kom nesten to minutt på overtid. Martin Samuelsen køyrde karusell med Vikings forsvar, ballen enda hos Christos Zafeiris som pirka ballen sakte over streken.
– Det betydde enormt mykje å score og kunne feire med fanasen, sa Zafeiris, som scora sitt første mål for Haugesund i sitt første Rogalands-derby.