Hopp til innhold

Carlsen-rival var bekymra for juks – tipsa arrangør om Niemann-uro

Magnus Carlsens tidlegare VM-motstandar Jan Nepomnjasjtsjij kjem med spektakulære opplysningar om det pågåande sjakkdramaet.

Carlsen

STØTTER: Jan Nepomnjasjtsjij gir støtte til rivalen sin Magnus Carlsen.

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

Nepomnjasjtsjij, eller berre «Nepo», er den siste sjakktoppen som har teke bladet frå munnen og uttalt seg om saka som har prega sjakkmiljøet dei siste vekene.

I ein podkast opnar russaren no opp om synspunkta sine på jukseskulda Hans Niemann, og gjev si fulle støtte til Magnus Carlsen.

Nepomnjasjtsjij avslører at han lenge har vore kritisk til Niemann, og at han åtvara mot amerikanaren allereie før storturneringa Sinquefield Cup – der Carlsen trekte seg etter møtet med Niemann.

– Uheldigvis kunne ikkje Rapport (Richárd, sjakkspelar) kome seg til USA, av logistikkgrunnar. Han vart erstatta av Niemann, og eg trur ikkje eg var åleine i å vere misfornøgd med erstattaren. Eg kjende ting kunne gå gale, seier «Nepo» i podkasten.

Dubai World Chess Championship

RIVALAR: Nepomnjasjtsjij og Carlsen frå VM-kampen i fjor.

Foto: Kamran Jebreili / AP

Åtvara

Då russaren fekk høyre om erstattaren, kom rynkene fort i panna. Han hevdar eit varsel vart sendt til arrangøren av storturneringa i St. Lois.

– Då eg fekk beskjeden om at Niemann skulle erstatte han, bad eg arrangøren setje inn ekstra tiltak for å gjere turneringa tryggare og reinare. Men ingenting av dette vart gjort før etter at Magnus trekte seg, avslører Carlsens tidlegare VM-motstandar.

NRKs sjakkekspert Torstein Bae meiner utsegnene til russaren understrekar bekymringane mange andre har.

Signalet frå Nepo er veldig tydeleg. Her er det ikkje berre Magnus, men andre i eliten som har ein alvorleg mistanke mot Niemann.

VM sjakk studio NRK

EKSPERT: Bae meiner at «Nepo» underbyggjer bekymringane.

Foto: Erik Johansen / NTB

Han understrekar at Nepo har gjort heilt rett i å varsle ein arrangør ved mistanke om juks.

Det han gjer, er den heilt vanlege framgangsmåten – å ta det opp med arrangøren og tilrå tiltak. Mange føler at dette burde vore Magnus' handlingsmåte – bidra til at det blir stadig sterkare tiltak.

Les også Carlsen får uventa støtte – VM-motstandar meiner juks vart oversett

Fischersjakk-semifinaler dag 2

– Veldig rart

«Nepo» erkjenner at han kan for lite, og har for lite erfaring med juksemetodar. Likevel er han svært skeptisk til Niemann og den tidlegare juksehistorikken hans.

Eg kan ikkje kome med nokon konklusjonar. Dette er veldig rart og ikkje noko eg har opplevd. Eg har aldri sett det før, seier han.

Niemann har tidlegare innrømt å ha juksa i to periodar som 12- og 16-åring, men nektar for at han gjort det etter det – også i møte med Carlsen.

Fleire har også gjeve si støtte til 19-åringen. Ei rekkje sjakkprofilar har uttalt at Magnus Carlsen må komme med forklaringa si for å ikkje miste truverd. Også VM-klare «Nepo» er oppteken av at sanninga skal kome fram.

Så langt er mine bekymringar realistiske, sånn det ser ut. Men det ville vore veldig, veldig uheldig viss vi øydelegg karrieren og livet til ein uskuldig person på grunn av denne paranoiaen.

NRK har prøvd å komme i kontakt med Hans Niemann, men førebels utan hell.

Niemann og Carlsen

UVISST: Juksar Niemann? Det er spørsmålet sjakkverda har stilt seg dei siste vekene.

Foto: NRK/AFP

Siste nytt

  • Casper Ruud til finale i Barcelona

    For andre gang på en uke er Casper Ruud klar for finale. Han vant 7–6 (8-6), 6–4 mot argentinske Tomas Martin Etcheverry i ATP-turneringen i Barcelona.

    I søndagens finale venter Stefanos Tsitsipas eller serbiske Dusan Lajovic.

    Casper Ruud
    Foto: JOSEP LAGO / AFP
  • Karina Sævik ble Vålerenga-helt med to perlemål

    Karina Sævik scoret begge målene da Vålerenga slo Røa 2-0 i Toppserien lørdag ettermiddag. De blåkledde fra Oslo øst står med to seirer etter to kamper i Toppserien.

    Onsdag vanter nok et lokaloppgjør for VIF når Stabæk kommer på besøk.

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Hansen og Barcelona med kjempesmell i semifinalen

    Caroline Graham Hansen og Barcelona er storfavoritter til å vinne mesterligaen, men røk på et bananskall i første semifinalekamp mot Chelsea. Det endte med 0-1-tap.

    Erin Cuthbert ble kampens eneste målscorer like før pause, og de blåkledde tar med seg en 1-0-ledelse til returoppgjøret i London neste lørdag.

    Chelseas Guro Reiten kom inn som innbytter på overtid, mens Ingrid Syrstad Engen ble byttet ut etter en drøy time. Hansen spilte hele kampen for Barcelona.

    Spain Soccer Champions League
    Foto: Jose Breton / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal