Hopp til innhold

Mildaste januar på Svalbard på 90 år

Januartemperaturane på Svalbard har stige med nær 14 grader sidan 1960-talet. Klimaforskar trur det vil bli endå mildare også.

Svalbard

AUKE: Gjennomsnittstemperaturen på Svalbard i januar har auka sidan 1960-talet.

Foto: Andreas Sandnes Olsen

– Det er som forventa. Det har vore ein formidabel auke.

Det seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.

På ein gjennomsnittleg januardag på Svalbard i åra mellom 1961-1990, synte gradestokken -15,3 grader celsius.

Frå 1991 og fram til 2020 låg den på – 10,9 kalde blå i løpet av dei to første vekene i januar.

Kontrasten frå 1960-talet og fram til dei to første januarvekene i år er stor.

Då synte gjennomsnittstemperaturane for Svalbard lufthamn og Ny-Ålesund – 1,7 grader celsius.

Det betyr at januardagane i snitt har blitt 14 grader mildare.

Klimaendringane skjer raskast på Svalbard

– Vi ser at Svalbard er eit av dei områda der klimaendringane skjer raskast, seier Mamen, og legg til:

– Vi må nok forventa at temperaturane stig endå meir.

Men årets januarmånad er ikkje den mildaste som er målt på Svalbard. På 1930- talet var det endå mildare. Då var det ein varm periode på Svalbard.

I januar 1933 låg snittemperaturen på -0,9 grader celsius.

– Ein del klimaskeptikarar vil kanskje ta dette til inntekt for at klimaendringane ikkje er menneskeskapte?

– Dei menneskeskapte klimaendringane no kjem på toppen av dei naturlege faktorane. Det kan vere at dei naturlege faktorane gjorde det svært mildt, men det motbeviser ikkje global oppvarming, seier Mamen.

– Har vore mildt

Siiri Wickström forskar på klimatilpassing ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), og har budd på Svalbard sidan 2016.

– Ein forventar at det skal vere kaldt og klårt, men vi har hatt ein skya og varm januar, fortel ho om januar månad til no.

Wickström seier vêret varierer frå år til år, men at dei stadig høyrer meldingar om nye varmerekordar på Svalbard.

At klimaet endrar seg, ser dei også tydeleg i forskinga, fortel ho.

– Den underliggande trenden er at det blir varmare, seier Wickström.

Sommaren blir også varmare

Sommaren 2022 var også den varmaste sommaren som var målt. Før låg sommartemperaturane på kring 4–5 grader, men i fjor enda dei på nær 8 grader.