Hopp til innhold

Lundby reagerer på søknads-nei: – Vi er annleis enn gutane

Hopplandslaget fekk ikkje midlar til å forske på kvinnehopp. Det fryktar Maren Lundby kan føre til at fleire hamnar i same situasjon som ho har stått i.

Maren Lundby

FRYKTAR KONSEKVENSANE: Maren Lundby fryktar at fleire skal hamne i same situasjon som ho har vore i.

Foto: Frode Fjerdingstad

– Eg synest det er rart at dei ikkje finn pengar til det, seier Lundby.

Ho har fått med seg at hopplandslaget ønskte å forske på korleis hoppdressane kan tilpasse seg kvinnekroppen, for å prøve å hindre at vekt blir ein like stor faktor i idretten som han er no.

Men søknaden vart avslått av Noregs Idrettsforbund (NIF).

Mykje forsking baserer seg på menn. Spesielt i idretten vår er det for det meste forska på menn, seier sølvvinnaren frå VM i Planica og held fram:

Vi har andre former enn det gutane har, og kanskje skulle dressen vore tilpassa annleis. Når det gjeld vekt er vi også annleis laga til der òg. Det er ikkje sikkert det er bra for oss å måtte ha den låge vekta ein må ha for å kjempe i toppen.

Maren Lundby

REAGERER: Maren Lundby.

Foto: Geir Olsen / NTB

Fryktar for konsekvensane

I søknaden, som NRK har fått tilgang til, står det at ein av grunnane til at det er låg rekruttering av kvinner til hoppsporten kan vere det store fokuset på vekt.

Det er viktig så vi ikkje mistar unge jenter som er på veg opp, og at vi slepper fleire tilfelle som meg eller at vi det blir fleire tilfelle av eteforstyrringar som det er mykje av i idrett generelt, seier Lundby.

Lundby har tidlegare vore open om korleis ho gjekk på ein intensiv slankekur under VM i 2021. Det enda med gull i storbakken, men i etterkant fekk kroppen ein reaksjon som førte til at ho gjekk mykje opp i vekt og stod over førre sesong.

Fryktar du at det kan komme fleire tilfelle som deg?

– Ja, heilt klart. Det er ikkje berre eg som har synst dette har vore vanskeleg, det er mange nok av dei. Eg trur vi må setje oss inn i det biletet der og sjå kor stort temaet verkeleg er.

Les også Det «umoglege» prosjektet

Maren Lundby på Lillehammer før VM i Planica

– Eit tap for kvinneidretten

I år fikk kvinnene for første gong få prøve seg i skiflygingsbakken i Vikersund. Eit stort steg for kvinnehopp. Det neste steget i utviklinga i idretten er å byggje reglane for kvinnene, og ikkje tilpasse kvinnene til reglane.

– Det er definitivt eit tap for hoppsporten. Og mest sannsynleg også for kombinertsporten og jentedelen av han, seier sportssjef Clas Brede Bråthen om avslaget på søknaden.

– Viss vi hadde lykkast med intensjonen vår, så er dette også eit tap for kvinneidretten.

Hopplandslaget har søkt etter midlane i det Norges idrettsforbund kallar «Krafttak for mangfald og inkludering». Eit treårig prosjekt som mellom anna skal arbeide for kjønnsbalanse og likestilling.

Prosjektet til NSF Hopp har mange sterke kvalitetar, og klargjer ein viktig tematikk, men oppfyller ikkje alle kriteria og prioriteringar for å få løyvd støtte, skriv prosjektleiar Biayna Sardarian i ein e-post til NRK.

Les også Maren Lundby brøt historisk grense – verdensrekordbonanza i Vikersund

Fekk ikkje svar

Det er mangelen på overføringsverdi som har gjort at Hopplandslaget ikkje får midlane til å forske på kvinnehopp.

Vår viktigaste oppgåve er å forvalte midlane vi har fått frå Kultur- og likestillingsdepartementet på best mogleg måte. Nærare 180 søknader har fått avslag, og eitt av dei er prosjektet til NSF Hopp. Totalt er det 15 prosjekt, som har mål om å bryte ned ulike barrierar for deltaking og inkludering i idretten, som har fått prosjektstøtte, skriv Sardarian vidare.

Bråthen er tydeleg på at dette er eit tap for kvinnehopparane, men at han ikkje er sur for at søknaden ikkje vart innvilga. Han reagerer derimot på at NIF aldri har svart på søknaden.

Clas Brede Bråthen

FEKK NEI: Clas Brede Bråthen fekk nei på søknaden.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Eg synest dei kunne teke seg tida til å svare oss, då vi faktisk har bede om eit svar. Eg skulle ønske dei viste oss den respekten for at vi faktisk har jobba hardt for å levere ein god søknad, seier sportssjefen.

Kjem de til å søkje igjen?

– Ja, vi kjem til å søkje igjen. Og det er derfor det hadde vore så bra å vite kva som ikkje var bra nok, avsluttar Bråthen.

Siste nytt

  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB
  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal