Hopp til innhold

Væpna politiaksjon i Kopervik

Politiet i Karmøy har i ettermiddag tatt ein mann, som truga personar på eit advokatkontor i Kopervik. Mannen skal ha vore væpna.

Politi på veg inn i bustad i Kopervik

Her går politiet til aksjon på huset der mannen med trugslane søkte tilflukt.

Foto: Kristian Eidesvik

Politiaksjon i Karmøy

Politiet har slått til fleire stader på Karmøy.

Foto: Kristian Eidesvik

Klokka 15.20 gjekk ti til tolv væpna politimenn til aksjon på ein bustad i Kopervik sentrum i Karmøy. Kort tid etter kom dei ut att med person dei har jakta på i heile ettermiddag.

– Nå har me tatt ein person som kom med trugslar mot eit personar på eit advokatkontor i Kopervik, seier aksjonsleiar i politiet, Kim Pedersen, til NRK.no like etter pågripinga.

Skal ha hatt våpen

Meldinga til politiet gjekk på at mannen var væpna, men politiet måtte ikkje nytta våpen under pågripinga.

– Me veit framleis ikkje om han hadde våpen, det blir undersøkt nå, seier Pedersen.

– Kva kan du sei om mannen?

– Han har hatt eit tidlegare klientforhold til advokatkontoret, som han nå har kome med trugslar mot. Det er med bakgrunn i dette han kom med trugslane.

Politiet vil nå oppretta sak og etterforska saka vidare.

Væpna aksjon i Kopervik

Politiet har gått til væpna aksjon fleire stader i Kopervik sentrum. Etter politiet hadde sjekka denne staden ut, forlét dei den.

Foto: Kristian Eidesvik

Søkte tilflukt i tomt hus

Det var klokka 12.56 politiet fekk inn den første meldinga om trugslane, og politiet aksjonert på fleire adresser i Kopervik sentrum før dei fann mannen.

Politiet opplyser i 15-tida at mannen truleg er lokalisert, men framleis ikkje tatt. Klokka 15.20 kunne NRK sin reporter på staden rapportera om at ti til tolv politimenn gjekk inn i eit bustadhus i sentrumsområdet. Kort tid etter var han tatt.

Tre politibilar og ein legebil stod parkert like ved bustaden.

Bustadhuset mannen søkte tilflukt i er ikkje hans eige får NRK opplyst. Det er eit hus som ligg ute for sal, og som ingen bur i for tida.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flere nyheter fra Rogaland