|
|
Mjøndalen opp på kvallik-plass Etter sju strake tap kom Mjøndalen seg tilbake på vinnarsporet då dei slo Haugesund på heimebane. Shuaibu Lalle Ibrahim avslutta eit strålande angrep ved å breiside ballen i målet. Det blei også einaste scoring i kampen, som gjer at Mjøndalen klatra forbi Start og opp på 14. plass i eliteserien. For Start gjekk på eit tap borte mot Kristiansund, trass i at dei var i leiinga midtvegs i andre omgang. Bendik Bye hadde sendt Kristiansund i føringa før pause, men to kjappe frå Kasper Skaanes gjorde at Start lukta på tre poeng. Men det ville ikkje Amahl Pellegrino ha noko av. Han sendte ein volley opp i hjørnet berre minutt etter at Skaanes sendte Start i føringa, før han var slo hjørnesparket som Aliou Couly stanga i mål, og sørga for at kampen enda 3–2 til Kristiansund. |
Publisert: 19:55 09-08-2020 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 09-08-2020 klokken 20:28. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/mjondalen-opp-pa-kvallik-plass-1.15116576 Artikkelen har til nå hatt 281 visninger og 4 klikk.
|
|
|