|
|
Solevaag mista brillene og pallen Sebastian Foss-Solevaag låg på andreplass før finaleomgangen, men enda på fjerdeplass i Schladming. Han mista brillene i andreomgangen, og hamna derfor utanfor pallen til slutt.
Marco Schwarz køyrde seg opp frå sjetteplass til siger, 68 hundredeler framfor Noel Clement. Alexis Pinturault var på tredje, 82 bak. Solevaag enda 1,09 bak vinnaren.
Solevaag har dermed ein siger og to fjerdeplassar på dei tre siste slalåmrenna i verdscupen.
Manuel Feller, som leia etter første omgang, køyrde ut.
Henrik Kristoffersen var berre nr 24 etter første omgang, men med tredje beste tid i finaleomgangen blei han nummer 11. Timon Haugan blei nummer 13.
Jonathan Nordbotten køyrde ut i første omgang.
Til helga er det to slalåmrenn i franske Courchevel. |
Publisert: 21:45 26-01-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 26-01-2021 klokken 22:35. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/solevaag-mista-brillene-og-pallen-1.15346697 Artikkelen har til nå hatt 57 visninger og 4 klikk.
|
|
|