|
|
Johannessen styrar mot OL-plass Det ser lyst ut for Kristian Krogh Johannessens håp om å spele OL i golf. No er han godt framfor mannen som kan utfordre han om Tokyo-billetten.
Johannessen låg på den utsette 60.-plassen på OL-rankinga, som akkurat gir plass i sommarleikane i Japan, før denne vekas Challenge-turnering i Cádiz.
Der spelar også Wu Ashun, som med eit godt resultat vil kunne passere Johannessen og ta den siste OL-plassen.
Men no ligg kinesaren i faresona for å ikkje klare cuten. Dersom det skulle skje vil Johannessen vere sikra ein OL-plass.
Nordmannen ligg også eit godt stykke framfor kinesaren i turneringa, som avsluttast på søndag. |
Publisert: 13:53 16-06-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 16-06-2021 klokken 16:22. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/johannessen-styrar-mot-ol-plass-1.15540213 Artikkelen har til nå hatt 69 visninger og 4 klikk.
|
|
|