|
|
Viking tek ikkje over Avaldsnes Viking har hatt samtalar med Avaldsnes om å ta over satsinga til klubben i Toppserien for kvinner, men partane innsåg at det blir for vanskeleg å få til.
Det opplyser Avaldsnes i ei pressemelding. Der står det at klubbane har «konkludert med at det er vanskelig å få til et samarbeid som er passende og har samme ambisjonsnivå».
Fleire eliteklubbar på herresida har dei siste åra satsa på kvinnefotball. Framfor 2020-sesongen bytte til dømes Trondheims-Ørn namn til Rosenborg, og det var noko liknande Avaldsnes og Viking sjekka ut moglegheitene for å gjere òg i rogalandsfotballen.
Ifølgje Avaldsnes har det vore kontakt mellom klubbane i lang tid, men det har heile vegen vore klart at målet ville vere vanskeleg å oppnå. Viking har understreka at dei per i dag ikkje har organisasjon eller økonomi til å overta eit lag i Toppserien, medan lokale krefter har jobba aktivt for å vidareføre Avaldsnes si satsing på Haugalandet. |
Publisert: 08:14 18-08-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 18-08-2021 klokken 10:23. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/viking-tek-ikkje-over-avaldsnes-1.15614059 Artikkelen har til nå hatt 287 visninger og 1 klikk.
|
|
|