|
|
Djokovic tok nytt steg mot rekord Novak Djokovic tok eit nytt steg mot tennisrekorden med siger 1-6, 6-3, 6-2, 6-2 over Jenson Brooksby. Men i kvartfinalen kan han få det mykje tøffare.
Der møter han italienske Marco Berrettini, sjetterangert i turneringa, kjend som "The Hammer of Tennis" på grunn av sin harde serve.
Dei to møttest også i finalen i Wimbledon i sommar, og også i kvartfinalen i Roland Garros i Paris. Begge gongane vann Djokovic.
Serbaren er på jakt etter sin 21. Grand Slam-triumf. Greier han det, slår han Roger Federers og Rafael Nadals rekord på 20. Ingen av dei to er med i US Open i år.
I så fall blir han også den første mannlege tennisspelaren sidan Rod Laver i 1969 som vinn alle fire Grand Slam-titlane i eitt og same kalendarår.
Endå ein rekord kom ut av kampen i natt: Med amerikanske Brooksbys tap er det for første gong i US Opens 141 år lange historie ingen frå arrangørlandet i kvartfinalene, verken for menn eller for kvinner. |
Publisert: 04:56 07-09-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 07-09-2021 klokken 07:26. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/djokovic-tok-nytt-steg-mot-rekord-1.15639624 Artikkelen har til nå hatt 164 visninger og 1 klikk.
|
|
|