|
|
Ulland-Andersen-dobbel senka Odd Etter ei rekkje med tyngre resultat i Eliteserien reiste Molde seg igjen mot Odd, og cruisa inn til ein fortent 3–1-siger borte.
Molde hadde berre vunne ein av dei siste fem kampane i Eliteserien før møtet med Odd. Men på søndag sørga to mål frå Eirik Ulland-Andersen og ei nettkjenning av den nyutnemnde landslagsspelaren Ohi Omoijuanfo for at Molde stakk av med alle tre poenga. Dermed har dei framleis heng på Bodø/Glimt i kampen om seriegullet.
For på Nadderud var det Erik Botheim som blei den store helten mot tidlegare lagkameratar då han skåra i sin tredje kamp på rad for Bodø/Glimt. Fredrik Bjørkan og Gilbert Koomson skåra også, og gjorde at nordlendingane vann 3–0 på ein regnvåt kveld.
Dermed toppar Bodø/Glimt framleis Eliteserien, tre poeng framfor Molde. |
Publisert: 18:30 03-10-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 03-10-2021 klokken 21:32. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/ulland-andersen-dobbel-senka-odd-1.15676218 Artikkelen har til nå hatt 223 visninger og 4 klikk.
|
|
|