|
|
Kombinert-trenaren testa positivt Kombinertlandslagets trenar Thomas Kjelbotn er sett ut av spel med koronasmitte.
Kjelbotn seier i ein video at han ikkje kjende på nokon symptom på tidspunktet då han vart smitta og testa positivt sist torsdag.
– Vi trur smitten kjem utanfrå i og med det store smittetrykket på skulane i Trondheim, og eg har barn i skulealder. Vi trur at vi har fanga opp smitten tidleg, seier Kjelbotn.
– Smitteveg er førebels ukjend, og Thomas testa seg utanfor ei samling, opplyser medisinsk ansvarleg lege for kombinert i Skiforbundet, Anders Storhaug Heen i ei pressemelding.
Kjelbotn har lette forkjølingssymptom og held seg utanfor laget til han blir klarert til å delta av lege. Det tek normalt ti dagar og er strengare enn tilrådinga til styresmaktene.
Kombinertløparane sesongopnar med NM til helga. Onsdag blir det hopprenn i Midtstubakken, og deretter blir det langrenn på Beitostølen laurdag.
Kjelbotn skal ikkje vere med i Midtstubakken og Beitostølen. |
Publisert: 17:22 15-11-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 15-11-2021 klokken 19:01. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/kombinert-trenaren-testa-positivt-1.15731759 Artikkelen har til nå hatt 224 visninger og 4 klikk.
|
|
|