|
|
Lindvik nær pallen i Finland Marius Lindvik blei nummer fire i hopprennet i Ruka. Han hoppa 138,5 meter i begge omgangane, og hoppa seg opp frå sjuandeplass i finaleomgangen.
– Eg greidde å halde skiene litt meir under meg, slik at eg kan fly litt i staden for berre å skjere gjennom lufta. Det var godt å få til to bra hopp, sa Lindviok til Viaplay.
Anze Lanisek vann framfor Karl Geiger og Markus Eisenbichler. Lindvik var 7,7 poeng unna pallen.
Elles blei det ingen suksess for Norge i den ujamne vinden i finske Ruka. Anders Fannemel blei nummer 25 i sin første finaleomgang etter over to års skademareritt. Daniel Andre Tande blei nr 26 og Fredrik Villumstad 30.
Johann Andre Forfang og Robert Johansson kom ikkje med i finalen, og Halvor Egner Granerud kvalifgiserte seg ikkje for rennet.
Vinnaren i går, japanske Ryoyu Kobayashi, testa positivt for korona tidlegare i dag og fekk derfor ikkje vere med. |
Publisert: 17:18 28-11-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 28-11-2021 klokken 19:13. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/lindvik-naer-pallen-i-finland-1.15749062 Artikkelen har til nå hatt 218 visninger og 1 klikk.
|
|
|