|
|
KFUM vann kvalik-drama KFUM er klar for vidare eliteseriekvalifisering etter 3-3 og 5-4 på straffespark mot Fredrikstad i kampen som hadde alt.
Snuoperasjon, ekstraomgangar, scoring langt på overtid, to raude kort, og straffespark - det blei drama i snøveret i Fredrikstad.
FFK hadde sigeren i lomma, men på overtid av overtida av den siste ekstraomgangen sikra Bilal Njie KFUM 3-3 og straffesparkkonkurranse mot Fredrikstad.
Olav Øby sette den aller første straffen i tverrliggaren. Deretter scora alle på sine straffer, med Johannes Humelvoll Nunez som matchvinnar.
Før det hadde heimepublikummet fått sjå sitt lag hente inn 0-2 til 2-2 i ordinær tid.
KFUM leia nemleg 2-0 ved pause etter ein omgang med klart overtak. Alagie Sanyang og Bilal Njie scora for gjestene.
Så bytte FFK ut tre midtbanespelarar frå starten av andre omgang, og tok kommandoen.
Henrik Kjelsrud Johansen reduserte etter 64 minutt og utlikna to minutt før ordinær tid var ute. På overtid smelte FFKs Nicolay Solberg ballen i tverrliggaren.
Dermed gjekk kampen til ekstraomgangar, og det var den spanske innbytaren Maikel som på den etter kvart snødekte bana smelte inn det som såg ut som sigersmålet åtte minutt før slutt.
Men tre minutt på overtid vippa Njie inn utlikninga.
KFUMs Tore Andre Sørås fekk sitt andre gule kort like før slutt og måtte gå av bana. Langt på overtid av ekstraomgangane fekk også FFKs Ayoub Aleesami
KFUM skal møte Jerv i Grimstad søndag. Vinnaren der skal møte det tredje siste laget i eliteserien i avgjerande kamp. |
Publisert: 20:56 06-12-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 06-12-2021 klokken 20:56. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/kfum-vann-kvalik-drama-1.15760588 Artikkelen har til nå hatt 294 visninger og 1 klikk.
|
|
|