|
|
EM-gull til Bjøntegaard Erlend Bjøntegaard (31) skaut feilfritt og tok gullet på 10 kilometer sprint i skiskyttar-EM i Tyskland fredag.
Nordmannen vant med 20 sekund ned til andremann, russiske Nikita Porsjnev.
Bjøntegaard var ikkje den raskaste i sporet fredag, men tok inn det tapte på skytebanen. Ut frå første skyting var han 14 sekund bak leiaren, men ut frå siste skyting leidde han med 16 sekund til Porsjnev. Det forspranget gav han ikkje frå seg, og dermed blei det gull.
Sverre Dahlen Aspenes, Håvard Gutubø Bogetveit og Johannes Dale vart alle blant dei ti beste. Dei pådrog seg to strafferundar kvar, og Aspenes vart nummer sju, medan Bogetveit og Dale tok plassane rett bak han. |
Publisert: 11:11 28-01-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 28-01-2022 klokken 12:57. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/em-gull-til-bjontegaard-1.15831536 Artikkelen har til nå hatt 139 visninger og 2 klikk.
|
|
|