|
|
Justeringar i ishockeyligaen Norges Ishockeyforbund har avlyst kampar og gjort endringar for å få fullført grunnspelet i eliteserien på ein mest mogeleg rettferdig måte.
Det betyr at kampane Stjernen – Storhamar og Vålerenga – Grüner blir avlyst. I staden er tidlegare utsette oppgjer mellom laga sette opp på same datoar slik at Storhamar får heimekamp mot Stjernen og Grüner får heimekamp mot Vålerenga.
Dermed skal Storhamar ta imot Stjernen 3. mars, mendan Grüner – Vålerenga spelast 10. mars.
Eliteserien i ishockey har også denne sesongen slite med ei rekke koronautsetjingar som gjer at ein ikkje får spelt full grunnserie. Poengsnitt vil avgjere utfallet av seriespelet, og dermed fordelinga av sluttspelplassane.
10. mars er siste dato for avslutning av grunnserien, og sluttspelet startar etter det. |
Publisert: 10:04 22-02-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 22-02-2022 klokken 11:22. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/justeringar-i-ishockeyligaen-1.15864450 Artikkelen har til nå hatt 216 visninger og 4 klikk.
|
|
|