|
|
Junioren tukta verdscuptoppane Den doble juniorverdsmeisteren Alexander Steen Olsen leier etter første omgang av NM i storslalåm i Narvik. Han er 49 hundredeler framfor Eirik Hystad Solberg, med Oscar Zimmer på tredje, 72 hundredeler bak leiaren.
Dei har slått alle dei store namna frå VM og verdscupen. Henrik Kristoffersen er på femteplass, 88 hundredeler bak, deretter følgjer Atle Lie McGrath og Rasmus Windingstad. Timon Haugan er nummer 10.
Lucas Braathen står over NM.
Veteranen Leif Kristian Nestvold-Haugen var blant dei som ikkje fullførte. Han slo opp ein skade i ryggen og måtte gi seg midtveges. |
Publisert: 10:07 04-04-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 04-04-2022 klokken 12:41. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/junioren-tukta-verdscuptoppane-1.15919784 Artikkelen har til nå hatt 284 visninger og 1 klikk.
|
|
|