|
|
Gimle norgesmeister i basket For første gang på åtte år er Gimle noregsmeister i basketball. Bergenslaget slo Bærum 76–74 på dramatisk vis i den fjerde finalekampen.
Gimle vann sluttspelet 3–1 samanlagt. Det er tredje gong i historia at klubben tar NM-pokalen. Dei to første kom i 1993 og 2014.
Laga låg likt med eitt minutt igjen av oppgjeret i Nadderudhallen måndag. Så fekk Gimle fire poeng, og da virket det hele å vere avgjort.
Men sju sekund før slutt dunka Stian Mjøs til med ein trepoengar. Det sende Bærum eitt poeng bak Gimle.
Gjestene frå Bergen auka forspranget til to poeng på eit straffekast med tre sekund igjen. Heller ikkje då var dramaet over. Mjøs rakk å prøve seg på ein trepoengar, og forsøket gjekk kant ut.
Bærum leidde etter første periode, men Gimle slo tilbake og var i tet midtvegs. Milovan Savic blei NM-vinnarens beste poengplukkar (19) i kampen. |
Publisert: 22:01 02-05-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 02-05-2022 klokken 22:01. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/gimle-norgesmeister-i-basket-1.15952244 Artikkelen har til nå hatt 217 visninger og 4 klikk.
|
|
|