|
|
Tittelforsvararen ute i 1. runde Tsjekkiske Barbora Krejcikova fekk tittelforsvaret i Roland-Garros knust i første runde måndag.
Krejcikova kom inn i Grand Slam-turneringa som verdstoar, men måtte gi tapt for franske Diane Parry, 95 plassar lågare på verdsrankingen.
Etter 6–1 i første sett blei det tungt for Krejcikova, som rauk 2–6 og 3–6 i dei neste setta.
– Dette er ein draum for meg. Det har alltid vore ein draum å spele på denne bana, med det franske publikummet som støtte til meg. Dei løfta meg heilt klart til sigeri dag, sa Parry etter den overraskande sigeren.
Kampen var regjerande meister Krejcikovas første sidan i februar, og den tsjekkiske stjerna såg rusten ut på raudgrusen i Paris.
Ho er berre tredje kvinne i historia som ryk ut av Roland-Garros-turneringa i første runde etter å ha vunne turneringa året før. Dei andre var Anastasia Myskina i 2005 og Jelena Ostapenko i 2018. |
Publisert: 17:00 23-05-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 23-05-2022 klokken 17:00. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/tittelforsvararen-ute-i-1.-runde-1.15977358 Artikkelen har til nå hatt 169 visninger og 1 klikk.
|
|
|