|
|
Benzema best i meisterligaen Real Madrid-spissen Karim Benzema er kåra til den beste spelaren i meisterligaen av Uefa denne sesongen.
Benzema vart den store frontfiguren i eit Real Madrid-mannskap som vann meisterligafinalen mot Liverpool 1-0.
Franskmannen noterte seg for 15 skåringar på vegen mot triumfen. Det gjorde han til toppskårar i turneringa, to mål føre Bayern Münchens Robert Lewandowski.
Benzema vann også kåringa av det flottaste målet i Meisterligaen, headinga som gav skåring i kvartfinalen mot Chelsea. Vinicius jr. er kåra til den beste unge spelaren i turneringa.
Uefa har også kåra årets lag i Meisterligaen i fotball. Finalelaga Liverpool og Real Madrid dominerer stort.
Mannskapet består av fire spelarar frå både Liverpool og Real Madrid. I tillegg er Chelsea, Manchester City og Paris Saint-Germain representert med éin mann kvar.
Slik ser laget ut i formasjonen 4-3-3: Thibaut Courtois (Real Madrid) - Trent Alexander-Arnold (Liverpool), Antonio Rüdiger (Chelsea), Virgil van Dijk (Liverpool), Andrew Robertson (Liverpool) - Luka Modric (Real Madrid), Fabinho (Liverpool), Kevin De Bruyne (Manchester City) - Kylian Mbappé (PSG), Karim Benzema (Real Madrid), Vinicius Jr. (Real Madrid). |
Publisert: 16:41 31-05-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 31-05-2022 klokken 16:41. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/benzema-best-i-meisterligaen-1.15986077 Artikkelen har til nå hatt 198 visninger og 4 klikk.
|
|
|