|
|
Vipers til meisterligafinalen Nora Mørk og Vipers Kristiansand kom tilbake etter ein heilsprekk og slo Metz 33–27 i meisterligasemifinalen i handball. Heimefavoritten Györ ventar i gullkampen søndag.
Markéta Jerábková og Sunniva Amalie Næs Andersen var også viktige avsluttarar hos regjerande meister Vipers.
Keeperveteranen Katrine Lunde (42) hadde ei strålande innleiing på kampen. Hennar redningar bidrog til at Vipers leidde med fem mål etter vel eit kvarters spel.
Men det rakna heilt inn mot pause. Då scora Metz seks mål på seks minutt utan Vipers-svar og gjekk frå 9–14 til 15–14.
Lunde drog fram fleire gode redningar utover i andre omgang. Det bidrog til å stoppe den siste Metz-offensiven. |
Publisert: 17:39 04-06-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 04-06-2022 klokken 20:41. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/vipers-til-meisterligafinalen-1.15991379 Artikkelen har til nå hatt 257 visninger og 1 klikk.
|
|
|