|
|
Elverum på veg mot niande strake siger Elverum imponerte igjen då dei slo ØIF Arendal 35–29 på bortebane laurdag. Storfavoritten er éin siger unna å vinne handballsluttspelet for niande år på rad.
Finalen blir spela som best av fem kampar, og Elverum leier 2–0.
Det blei ein dramatisk start då Elverums Endre Langaas prøvde å slå ballen ut av handa på ØIFs Mario Matic, men trefte han i ansiktet. Det gav raudt kort. Seinare såg også vertane sin Kristian Rammel raudt for andre kamp på rad.
Ved pause kunne Elverum gå i garderoben på leiinga 19–16. Etter kvilen sette gjestene inn et nytt gir, og auka leiinga til åtte mål på det meste.
ØIF kjempa seg tidvis tilbake igjen, men då klokka slo 60 spelte minutt, kunne Elverum feire sin andre siger i sluttspelfinalen.
Elverum vant første kampen 32–28. Favorittane er i finalen for tiande gong på rad, og dei har vunne dei åtte siste titlane. Neste kamp går i Elverum onsdag. |
Publisert: 20:45 04-06-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 04-06-2022 klokken 23:28. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/elverum-pa-veg-mot-niande-strake-siger-1.15991500 Artikkelen har til nå hatt 288 visninger og 1 klikk.
|
|
|