|
|
Ruud vil snakke ut med Rune Munnhoggeriet mellom Holger Rune og Casper Ruud blei igjen tema på pressemøtet framfor Wimbledon.
Dansken raste mot Ruud etter å ha tapt mot nordmannen i kvartfinalen i Roland-Garros i mai. Rune uttalte då at Ruud hadde ropt «JAAA» opp i ansiktet på han då dei to var på veg inn i garderoben, ein påstand Ruud bestemt har avvist.
– Det er feil, det han påstår. Det er verkeleg ikkje det som skjedde. Ei stor løgn, og det er skuffande å bli loge om, sa den norske tennisstjerna til Discovery.
På spørsmål frå ein dansk journalist før storturneringa i England svarar Ruud at han ønskjer å rydde opp med det danske talentet.
– Eg har ikkje sett Holger sidan kampen i Paris, så eg har ikkje hatt sjanse til å snakke med han. Han fortalde løgner til media, og eg var ganske tydeleg på at det ikkje skjedde. Eg respekterer Holger som ein ung, god og fryktlaus spelar, seier Ruud og held fram:
– Som eg sa etter kampen, oppfører han seg litt vilt, og det har vi alle sett på TV. Eg vil ikkje seie så mykje meir, men eg håpar eg kan snakke med han her eller i Båstad, så vi kan kome oss vidare frå dette. |
Publisert: 19:28 26-06-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 26-06-2022 klokken 22:00. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/ruud-vil-snakke-ut-med-rune-1.16017830 Artikkelen har til nå hatt 170 visninger og 1 klikk.
|
|
|