|
|
To Blink-spelarar avsluttar kontraktane Madhu og Håvard Lorentsen har valt å avslutte kontraktane sine med Stjørdals-Blink etter at klubben kravde at alle spelarane gjekk ned til minstelønn.
«Stjørdals-Blink Fotball har etter felles semje med Madhu og Håvard Lorentsen avslutta kontraktsforholdet for dei to. Spelarane er dermed ferdige som Blink-spelarar i denne omgang», skriv klubben på si heimeside.
På klubbens nettside kom det onsdag fram at spelargruppa ikkje godtar minsteløn. Tidlegare i juni forklarte styreleiar Erling Johansen i Stjørdals-Blink at lønsredusering og minsteløn var eit av tiltaka for å redde klubbens økonomi.
Ifølgje TV 2 ville bruttoløna då ligge på 4.000 kroner.
Lorentsen signerte for Blink sommaren 2020, medan Madhu kom til klubben før 2022-sesongen. |
Publisert: 12:13 04-07-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 04-07-2022 klokken 14:36. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/to-blink-spelarar-avsluttar-kontraktane-1.16026293 Artikkelen har til nå hatt 153 visninger og 1 klikk.
|
|
|