|
|
Tapte finalen då makkeren blei sjuk Ulrikke Eikeris makker Tamara Zidansek blei slått ut av sjukdom før finalen av doubleturneringa i WTA-turneringa i Lausanne. Dermed tapte dei på walkover.
Den norsk-slovenske duoen skulle møte franske Kristina Mladenovic og serbiske Olga Danilovic i finalen laurdag, men etter som at Zidansek blei sjuk måtte dei gi opp kampen, opplyser WTA.
Sigeren var Mladenovic´ 26. doubletriumf i karrieren, medan Danilovic tok sin andre tittel.
Eikeri tok sin hittil einaste WTA-tittel i double i oktober i fjor. Då vann ho Tenerife Open saman med australske Ellen Perez.
Eikeri har spelt godt i år og kom seg til finale i miks-dobbel-turneringa i Roland-Garros tidlegare i år. Der blei det tap saman med belgiske Joran Vliegen. |
Publisert: 07:42 17-07-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 17-07-2022 klokken 10:59. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/tapte-finalen-da-makkeren-blei-sjuk-1.16040564 Artikkelen har til nå hatt 145 visninger og 1 klikk.
|
|
|