|
|
Profilert sprinttrenar kasta ut Det oppstod uventa dramatikk før VM-finalen på 100 meter laurdag då den amerikanske sprinttrenaren Rana Reider blei kasta ut av friidrettsanlegget i Eugene.
Reider har sidan november i fjor vore under etterforsking for seksuell trakassering, og han blei derfor nekta akkreditering til sprintfinalen i VM.
Trenaren nektar for skuldingane og har uttalt gjennom sin advokat at dei er «uprøvd» og at det «ikkje lar seg bevise».
Likevel valde amerikanaren å ta seg ulovleg inn på oppvarmingsområdet for å sjå til sprintarane Marvin Bracy og Trayvon Bromell, som begge seinare tok medalje på øvinga.
Sikkerheitspersonell skal ha bedt Reider om å forlate området, men trenaren skal ha stritta imot. Reider skal etter ei stund frivillig ha forlate arenaen då han oppdaga at politiet var på veg for å ta seg av ham, fortel ein talsperson for Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) til The Guardian.
100-meteren blei vunne av Fred Kerley, som dermed sørgde for tredobbelt amerikansk på øvinga |
Publisert: 11:39 17-07-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 17-07-2022 klokken 13:44. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/profilert-sprinttrenar-kasta-ut-1.16040687 Artikkelen har til nå hatt 241 visninger og 1 klikk.
|
|
|