|
|
– Vi må ta toppen også – Vi kunne ikkje la toppane kome inn i landet når vi utestengjer dei aktive. Derfor sa vi nei, seier generalsekretær Mona Kristiansen i Norges Gymnastikk- og Turnforbund til NRK.
Ho siktar til at Noreg torsdag avslo å la delegasjonane frå Russland og Belarus kome til den planlagde kongressen i Sandefjord, ei avgjerd om førte til at det internasjonale turnforbundet (FIG) valde å flytte kongressen til eit anna land.
Russlands turnpresident Vasili Titov rosar FIG.
– Eg er glad for at FIG har teke eit så klart prinsipielt standpunkt, seier Titov til det russiske nyheitsbyrået Ria Novosti, ifølgje nettstaden Insidethegames.
Han meiner at sjølv om utøvarane er utestengde, skal ikkje det hindre valde delegatar i å delta på ein kongress.
Han seier at FIG-styret diskuterte det i førre veke, og gav det norske forbundet ei veke til å bestemme seg. Onsdag vedtok dei å halde oppe forbodet, og derfor flyttar FIG kongressen i oktober.
Avgjerda er også i tråd med tilrådingane frå Olympiatoppen og Kulturdepartementet. |
Publisert: 08:12 29-07-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 29-07-2022 klokken 10:58. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/_-vi-ma-ta-toppen-ogsa-1.16051873 Artikkelen har til nå hatt 235 visninger og 1 klikk.
|
|
|