|
|
Glimt vann 4-1: - Ein svært sterk prestasjon Bodø/Glimt var klart mest effektiv og vann 4-1 i Sarpsborg fredag. Hugo Vetlesen og Amahl Pellegrino scora før pause.
Lars-Jørgen Salvesen scora sitt første etter overgangen til Glimt, før Tobias Heintz reduserte. Pellegrino scora Glimts fjerde etter ein gigatappe i Sarpsborgs forsvar like før slutt.
Pellegrino scora sitt seriemål nummer 16 og 17, og er suveren toppscorar.
Glimt klatra til andreplass på tabellen etter sin sjette strake siger.
- Vi er på veg tilbake. Denne kampen var tung for oss. Vi må i kjellaren, kanskje heilt i blindkjellaren for å hente det som skal til i dag, sa Glimt-trenar Kjetil Knutsen til Discovery.
- Dette var ein svært sterk prestasjon av oss. Dette Sarpsborg-laget er ikkje enkelt å spele mot.
Han skal leie laget sitt til den utruleg viktige meisterliga-kvalifiseringskampen mot Dinamo Zagreb i neste veke. Der gler Knutsen seg over å ha forsterka spelargruppa.
- Vi har fått sterkre konkurranse på fleire plassar. Vi kan starte med Lars-Jørgen (Salvesen), og ha Runar (Espejord) i bakhånd, seier Knutsen. |
Publisert: 19:00 12-08-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 12-08-2022 klokken 22:12. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/glimt-vann-4-1_---ein-svaert-sterk-prestasjon-1.16066097 Artikkelen har til nå hatt 227 visninger og 1 klikk.
|
|
|