|
|
Jenssen tilbake til Nordsjælland Ulrik Yttergård Jenssen (26) skal spele for danske Nordsjælland i haust. Midtstopparen stod utan kontrakt.
Nordsjælland opplyser på sine nettsider at Jenssens kontrakt gjeld ut året.
Forsvarsspelaren gjekk frå Tromsø til Nordsjælland i vinterpausen i 2017/18-sesongen og har spelt 114 kampar for den danske klubben.
Sommaren 2021 gjekk han til Willem II i den nederlandske toppdivisjonen. Kontrakten skulle vare til 2024, men i sommar blei han samd med klubben om å terminere den.
Jenssen har 26 landskampar for Noregs U21-lag. I tillegg har han ei rekke kampar frå dei andre aldersbestemte landslaga.
Nordsjælland leeer den danske toppdivisjonen med 13 poeng etter fem kampar. Neste oppgåve for Jenssens lag er heime mot tabelltoar Silkeborg søndag. |
Publisert: 06:13 19-08-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 19-08-2022 klokken 08:54. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/jenssen-tilbake-til-nordsjaelland-1.16073242 Artikkelen har til nå hatt 298 visninger og 6 klikk.
|
|
|