|
|
Hopplandslaget har signert sponsor Etter eit turbulent år har dei norske hopparane signert sin første sponsor.
Help forsikring har sponsa det norske hopplandslaget sidan 2019, men aukar no sitt bidrag til hopparane og har skrevet under ein avtale på tre år.
Hopplandslaget har stått utan sponsor etter at avtalen med mellom annan LO og dei andre sponsorane gjekk ut i vår. I mellomtida har hopplandslaget levd på bidrag frå Skiforbundet.
– Vi gler oss til at vi saman skal utvikle hoppsporten og selskapet fram mot VM i Trondheim i 2025. Det bli forhåpentlegvis nye uforgløymelege augneblink som fører til at våre stolte tradisjonar vidareførast, seier landslagssjef Clas Brede Bråthen.
Fjoråret var prega av ein konflikt mellom Bråthen, skipresident Erik Røste og generalsekretær Ingvild Bretten Berg.
Røste har etter dette blitt bytta ut og generalsekretæren sluttar 1. november.
Bråthen vil ikkje talfeste kor mykje avtalen er verd i kroner og ører. |
Publisert: 14:13 05-09-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 05-09-2022 klokken 16:43. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/hopplandslaget-har-signert-sponsor-1.16092455 Artikkelen har til nå hatt 305 visninger og 1 klikk.
|
|
|