|
|
Tungt tilbakeslag for Ruud-rival Den tyske tennisstjerna Alexander Zverev må truleg gi opp et skadecomeback denne sesongen. Han har fått eit smertefullt tilbakeslag etter ankelproblemea.
Zverev har ikkje vore på bana sidan han reiv av fleire band i ankelen under semifinalen mot Rafael Nadal i Roland Garros-turneringa i juni. Han forlét då arenaen i rullestol og blei seinare operert.
No har han fått eit tilbakeslag i rehabiliteringa.
– Eg trur eg har gjort for mykje, og no har eg ekstreme smerter, seier Zverev.
Han legg til at sjølv det å gå er ubehageleg.
Zverev fall frå andre- til femteplass på den siste ATP-rankinga som blei publisert måndag. Han er diagnostisert med ei væskesamling i ankelen. Det aukar risikoen for brot.
– Vi snakkar om veker, truleg månader, før eg kan sikte på ein retur til konkurranse, seier Zverev. |
Publisert: 15:27 12-09-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 12-09-2022 klokken 18:10. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/tungt-tilbakeslag-for-ruud-rival-1.16101140 Artikkelen har til nå hatt 160 visninger og 1 klikk.
|
|
|