|
|
Eckhoff melder forfall til NM Tiril Eckhoff er blant fire utøvarar som ikkje kjem til start under NM i rulleskiskyting i Drangedal. Kroppen hennar responderer framleis ikkje maksimalt.
Eckhoffs forfall blir stadfesta av Noregs Skiskytterforbund. Ho har stått over landslagsaktivitetar ein periode for å komme seg til hektene etter ein lang OL-sesong og koronasjukdom.
I sommar måtte ho dra i naudbremsa etter at kroppen gav tydelege signal om at han trengde kvile.
– Tiril trenger framleis kvile, men er motivert, trenar og blir følgt godt opp av trenarteamet, seier landslagssjef Per Arne Botnan framfor NM i rulleskiskyting kommande helg.
Så seint som for to dagar sidan sette 32-åringen ord på eigen situasjon på sin Instagram-konto.
«Vel, eg gjekk på ein smell i vår. Det var skikkeleg vondt. Trudde eg var ein udødeleg toppidrettsutøvar, men realiteten er at eg berre er i vanleg menneske», skreiv Fossum-løparen.
«No jobbar eg meg sakte, men sikkert framover, og håpar eg klarer å kome tilbake i skiskyttarsporet», heldt ho fram..
Til NM i Telemark kjem heller ikkje Marte Olsbu Røiseland, Tarjei Bø eller Sivert Guttorm Bakken. |
Publisert: 13:35 14-09-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 14-09-2022 klokken 16:21. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/eckhoff-melder-forfall-til-nm-1.16103824 Artikkelen har til nå hatt 296 visninger og 1 klikk.
|
|
|